Vekst i koronaåret
Roger Brudevoll auka salet i butikkane då koronaepidemien kom.
Ein stor kunde som leverer til bedriftskantiner sa stopp i mars i fjor, og salet til restaurantmarknaden bremsa og. Men storkunden kom attende, og folk handla meir i butikkane. Då fasiten for 2020 var klar viste det seg at Brudevoll Kjøtt i Ulsteinvik auka salet i fjor.
Roger Brudevoll både eig og driv selskapet, som er ein av dei to frittståande kjøttforretningane på Sunnmøre.
50/50 eigen og andre butikkar
Omlag halvparten av inntektene vert henta i eigen butikk i Ulsteinvik, resten frå sal gjennom andre butikkar og det var spesielt der salet auka i fjor.
Brudevoll Kjøtt står sjølv om distribusjon på Sunnmøre, og har ein avtale med fleire grossistar som tek varene vidare.
Betre enn fjoråret
Så langt i år ligg Brudevoll føre skjema frå same tid i fjor. Det han er usikker på for resten av året er prisutvikling på råvarer, frå tarmar til pølseproduksjon til krydder og slakt.
Selskapet sysselset sju årverk, fordel på 9-10 stillingar.
Brudevoll Kjøtt as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 18,6 | 18,0 |
Driftsresultat | 1,8 | 2,1 |
Resultat før skatt | 1,8 | 1,9 |
Publisert: 07.07.2021 14:06
Sist oppdatert: 07.07.2021 14:14