Norva24-konsernet hadde ein inntektsvekst på 15,2 prosent i 2024.
Veksten kjem dels frå auka inntekt hos selskap som allereie var ein del av konsernet då året byrja, og dels gjennom inntekt frå selskap som blei kjøpt opp i fjor.
Lønsemda vaks imidertid ikkje i takt med inntekstveksten (sjå tabell under). I rapporten for 4. kvartal 2024 legg administrerande direktør Henrik Norrbom mykje av skulda på eitt tysk datterselskap, som driv i Berlin-området.
Lønsemda er betra i Noreg, Sverige og Danmark i fjerde kvartal, men ikkje i Tyskland.
Les kvartalsrapporten her (ekstern lenke)
Stryn-miljøet
Norva24 har spesialisert seg på vedlikehald av infrastruktur under bakken. Selskapet spring ut av blant andre det som var selskapet Septik 24 i Stryn.
I allianse med det svenske investeringsfondet Valedo Partners har Norva24 kjøpt opp ei rekke selskap både i Noreg og utlandet.
Invest 24 er fjerde største eigar i konsernet, med 6,9 prosent av aksjane. Invest 24 er eig av Arild Bødal, Kristian Sandbakk og familiemedlemer og Jonny Brikeland og familiemedler. Bødal og Sandbak-familien bur i Stryn.
Bødal eig og ein prosent av aksjane i Norva24 direkte.
På børs
Norva24 vart børsnotert i Stockholm i 2021. Ved børsopning var kursen 33 kroner aksjen.
Før børsopning onsdag er kursen 25,05 svenske kroner, som verdset selskapet til 4,57 milliardar svenske kroner - tilsvarande 4,75 milliardar norske kroner.

Norva24 | ||
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 3631,0 | 3151,0 |
Driftsresultat | 283,6 | 283,9 |
Resultat før skatt | 245,9 | 233,7 |
Norva24 | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 988,6 | 855,7 |
Driftsresultat | 61,5 | 60,0 |
Resultat før skatt | 56,5 | 23,4 |
Publisert: 19.02.2025 08:54
Sist oppdatert: 19.02.2025 17:06