Laila Oldeeide Hole og Oddbjørn Hole Hole Kjøtt foto Ogne
LØNSAM NISJEBUTIKK: Laila Oldeide Hole og Oddbjørn Hole eig og driv Hole Kjøtt, ein av to frittstående reindyrka kjøttforretningar på Nordvestlandet. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vekst og høg lønsemd for kjøttforretning

Ny inntektsrekord i fjor.

07.04.2025

Saman med Brudevoll Kjøtt i Ulsteinvik utgjer ekteparet Hole sin butikk i Keiser Wilhelmsgate ved Kiperviktorget i Ålesund dei to aktørane i nisjen frittståande kjøttforretningar på Nordvestlandet.

Hole Kjøtt sel ferskt kjøt og eigenprodusert spekemat, pølser og andre kjøtvarer. 

Inntektene til forretninga løfta seg frå knappe 15 til over 18 millionar kroner i løpet av eit par år med koronapandemi, og har halde seg på det høge nivået sidan.

I fjor vart det ny inntektsrekord, samstundes som selskapet held på si gode lønsemd (sjå tabell under).

Omorganisert eigarskap
Forretninga i Kipervikgata er den same, men Laila Oldeide Hole og Oddbjørn Hole har omorganisert eigarskapet. 

No eig dei verksemda 50/50 gjennom selskapet Odla Holding medan dei tidlegare var direkte eigarar.

I fjor sysselsette selskapet åtte årsverk. 

Hole Kjøtt as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt19,118,3
Driftsresultat1,41,4
Resultat før skatt1,71,8

Publisert: 07.04.2025 10:07

Sist oppdatert: 07.04.2025 10:33

Mer om