(NPK-NTB): Bruttonasjonalprodukt for Fastlands-Noreg voks 0,6 prosent i andre kvartal.
Veksten kjem etter ein lengre periode med dempa vekst i norsk økonomi, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).
– Det første halvåret 2025 viser ein sterkare vekst i fastlandsøkonomien enn vi har sett på ei god stund, seier seksjonssjef Pål Sletten for nasjonalrekneskapen i SSB.
Aktiviteten i fastlandsøkonomien har vore dempa sidan 2022, og høg prisvekst og auka renter har bremsa forbruket i hushalda og bustadbygginga.
SSB viser til høg investeringsvilje på norsk sokkel, og at investeringane også har auka innan industri og kraftforsyning.
– Det har vore oppgang i varehandel og i konkurranseutsett næringsliv som industri, akvakultur og turisme. Samtidig er aktiviteten låg i byggje- og anleggsnæringa, seier Sletten.
Auka eksport
Eksporten av tradisjonelle varer voks 4,2 prosent i andre kvartal, etter å ha gått noko ned kvartalet før.
Oppdrettsfisk stod for rundt 30 prosent av veksten. Det var også ein sterkt vekst innan eksport av elektrisk utstyr til havvindprosjekt i utlandet.
Det var ikkje like stor auke i importen, der den samla vareimporten var rundt 2 prosent høgare i første halvår enn same periode i fjor. SSB skriv at veksten i stor grad var knytt til import av personbilar.
Auka varekonsum
Det samla konsumet i hushalda auka med 0,2 prosent, medan varekonsumet voks heile 1,9 prosent.
Nybilsalet har auka kraftig i år og bidrog til auken. Utanom nye bilar, har mellom anna klede og sko, og dessutan møblar og hushaldsartiklar trekt opp varekonsumet, skriv SSB.
– Nordmenns konsum i utlandet har lege på eit forholdsvis høgt nivå i tida etter koronapandemien, men gjekk ned 6,3 prosent i 2. kvartal. Samtidig auka utlendingars konsum i Noreg med 2,7 prosent, skriv SSB.
Stabil sysselsetjing
– Trass i svak økonomisk utvikling sidan 2022, har sysselsetjinga halde seg høg og vakse stabilt sidan slutten av koronapandemien.
Talet på sysselsette voks 0,2 prosent i løpet av andre kvartal, medan utførte timeverk steig med 0,1 prosent.
Publisert: 21.08.2025 08:50
Sist oppdatert: 21.08.2025 08:50






