Arne Otto Rogne konserntillitsvald Vard
MEIR ARBEID: Luksusyachten til over fem milliardar kroner gir arbeid hos Vard Søviknes til ut i 2024. Påfyll i ordeboka er det Vard-tilsette er mest opptekne av, ifølgje konserntillitsvald Arne Otto Rogne. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

- Veldig, veldig positivt

Korona har lagt ein dempar på stemninga hos Vard-tilsette. Med yachtkontrakt til fem milliardar fekk den eit løft.

28.06.2021

- Det er eit kjempedigert skip, så dette blir spennande. Veldig, veldig positivt, seier konserntillitsvald Arne Otto Rogne hos skipsbyggingskonsernet Vard om kontrakten som blei offentlegjort i dag.

Vardverftet i Søvika skal utruste den 222 meter lange luksusyachten Somnio, eit fartøy til 5,1 milliardar kroner.

- Det betyr at vi har arbeid til 2024 på Vard Søviknes, seier Rogne.

Tungvint
Koronaepidemien har gjort arbeidet hos Vard meir tungvint, både når det gjeld å hente folk frå utlandet og for å reise mellom verfta.

- Litt nedpå, er karakteristikken Rogne gir av stemninga siste halvåret.

Det folk er opptekne av tillegg til handteringa av smitteverntiltaka er om det kjem meir arbeid, ifølgje Rogne.

- I dag fekk oss det, seier han.

- Det viser fleksibiliteten i den maritime klynga, seier dagleg leiar Per Erik Dalen i den maritime klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime om kontrakten.

Store ringverknadar
Dagleg leiar Lars Gørvell Dahll i Norsk Industri seier tommelfingerregelen er at kostnaden med å bygge skroget til eit cruiseskip berre utgjer 15 prosent av kva det samla sett kostar å gjere skipet ferdig.

Det betyr at denne kontrakta gir store ringverknadar, både hos Vard Søviknes som skal utruste skipet, hos Vard Søviknes sine underleverandørar og til andre som leverer utstyr og tenester direkte til reiarlaget.

- Dette er enormt, seier Gørvell Dahll om storleiken på kontrakten.

Publisert: 28.06.2021 17:00

Sist oppdatert: 02.07.2021 11:40

Mer om