– Jubileumsbillettane vart utsolgt på nokre få dagar. Og eg som hadde mareritt i fleire månader for at det var ingen som kom. Det var kjempekjekt med den positive responsen, seier Ingrid Dybhavn Haddal.
Dagleg leiar og eigar ved Pernilles Clinique fortel om førebuingane til bedrifta sitt 25 årsjubileum komande laurdag.
Etter å ha utvida kapasiteten fleire gonger, ventar ho kring 165 kundar til storsalen på Sjøborg Kulturhus i Ulsteinvik.
– Eg hadde lyst til å gjere noko kjekt i lag med kundane. Det blir ein stor kostnad, men eg meiner det vil vere ei investering både i kundane våre og alt vi driv med, seier ho.
Reknar med å bikke ti millionar
Velvære-klinikk er kanskje den mest dekkande beskrivinga av «Pernilles» som bedrifta oftast blir kalla.
No er det 25 år sidan oppstarten av klinikken - som Dybhavn Haddal kjøpte som 21-åring.
Sidan har det vore mykje hard jobbing – som har gitt resultat. Dei siste åra har dei vore størst i bransjen i Møre og Romsdal fylke.
Etter å ha vekse jamt og trutt reknar ho med at bedrifta for første gong bikkar 10-millionar i omsetning i år.
– Det skal vi klare, seier Ingrid Dybhavn Haddal kontant.
Dei har også gått med overskot i alle år – unntaka eitt.
| Pernilles Clinique AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 9,7 | 9,6 |
| Driftsresultat | 0,6 | 0,4 |
| Resultat før skatt | 0,6 | 0,4 |
Har ikkje mål om å bli størst mogleg
I tillegg til at klinikken i Ulsteinvik har blitt større dei siste åra, har dei opna ei avdeling i Fosnavåg sidan 2008.
May-Britt Ulstein har vore med sidan starten og fungerer som dagleg leiar i Ulsteinvik og Fosnavåg, medan Hanne Ingebrigtsen Leine er avdelingsleiar i Fosnavåg.
– Det gjer at eg kan jobbe meir med det overordna, fortel Dybhavn Haddal.
Ho har likevel ikkje noko mål om å bli størst mogleg. Då er det viktigare å gjere ein god jobb for dei eksisterande klinikkane og kundane.
– Ting fungerer utruleg fint som det er no, og vi har ein stabil arbeidsflokk som har det kjekt, legg ho til.
Ting fungerer utruleg fint som det er no, og vi har ein stabil arbeidsflokk
Utvidar med medisinsk behandling
I dag er bedrifta arbeidsplassen til 13 personar. Alle er utdanna terapeutar. I tillegg til fotterapi og hudpleie, tilbyr «Pernilles» alt frå makeup-tatovering, hårfjerning og massasje.
Dottera Sofie Haddal har allereie vore i arbeidsstokken i fleire år.
Ho er tidlegare utdanna hudterapeut og akkurat ferdigutdanna som sjukepleiar. No tek ho vidareutdanning i det som blir omtala som kosmetisk sjukepleie.
Det gjer at bedrifta kan utvide med nye tilbod.

Behandlingar som skleroterapi, injeksjonsbehandlinger, lasar og anna medisinske hudpleie kan dei no gjere på fulltid. Klinikken har tidlegare hatt sjukepleiar på klinikken, men berre nokre dagar i måneden.
– Vi har bygd to nye behandlingsrom, der det eine er til dei medisinske behandlingane, og difor mykje større enn dei andre. Sofie treng meir plass til maskinar og utstyr i dei ulike behandlingane, fortel Dybhavn Haddal.
Dottera «på glid» til å ta over
Då Nett No intervjua bedriftseigaren for to år sidan, la ho ikkje skjul på at det hadde vore mange lange arbeidsdagar.
Samtidig meiner ho det er avgjerande for å lukkast som næringsdrivande. Med ein større organisasjon har det blitt annleis, og dagane litt rolegare.
Det har kanskje vore medverkande til at dottera Sofie er blitt «meir på glid» når det gjeld utsiktene til å ta over på eit tidspunkt.
– Ho elskar å jobbe med kundar og er samtidig ei jente som tek ansvar. Eg tenker at ho er ein type som kan ta over etter kvart, seier Ingrid Dybhavn Haddal.
Publisert: 25.08.2025 05:00
Sist oppdatert: 25.08.2025 22:56






