Ingrid Dybhavn Pernilles Clinique foto Marius Rosbach 22
LAGT STEIN PÅ STEIN: Ingrid Dybhavn har bygd opp Pernille's Clinique til ei betydeleg verksemd både økonomisk og på tilbodsida. I dag tilbyr dei fleire typer behandling i tillegg til hudpleie og fotterapi. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Gründer frå topp til tå

Ingrid Dybhavn har 12 tilsette i sving med hudpleie og fotterapi. Men det har vore mykje hard jobbing på vegen.

Marius Rosbach
30.01.2023

Heilt sidan Ingrid Dybhavn kjøpte Pernille’s Clinique som 21-åring, har fotterapi og hudpleie vore store delar av livet hennar. I løpet av åra har verksemda vekse til ein betydeleg større salong i Ulsteinvik sentrum, og eiga avdeling i Fosnavåg.

44-åringen er framleis eigar og dagleg leiar i det som har vekse til ein arbeidsplass for 12 personar – pluss eit investeringsselskap. Meir om det seinare.

– Det har vore veldig kjekt. Også har eg samtidig hatt ein mann som har teke stor del i livet til ungane, slik at eg kunne gjere det slik, seier ho.

Mannen, Nils Petter Haddal, er også medeigar og har jobba sin del av timar for selskapet.

Eg kunne jobbe nærast døgnet rundt. Det har gjort at eg har klart å bygge opp selskapet
Ingrid Dybhavn

Alltid hatt stor arbeidskapasitet
Heilt frå tenåra har Ulstein-kvinna ønska å klare seg sjølv, og har alltid hatt stor arbeidskapasitet. Dei første 15 åra som sjølvstendig næringsdrivande, kunne klinikken ta det meste av merksemda i vaken tilstand.

– Eg kunne jobbe nærast døgnet rundt. Det har gjort at eg har klart å bygge opp selskapet slik det er blitt i dag.

I dag har ho trappa ned og jobbar langt mindre. Likevel ser ho med glede på dei åra ho bygde seg opp.

– Ein kan ikkje vere redd for å jobbe om du skal vere sjølvstendig næringsdrivande. Og om du verkeleg skal lukkast må du sette av nesten all di tid, seier ho.

Ingrid Dybhavn Pernilles Clinique foto Marius Rosbach 11
ULSTEINVIK: Ingrid Dybhavn utanfor Ulsteinvik-avdelinga der ho også er medeigar i bygget. Salongen har i tillegg avdeling i Fosnavåg. Foto: Marius Rosbach

Pilane har peika jamnt oppover
Inntektene for selskapet har stege jamt og trutt, og dei siste åra har dei nærma seg 10 millionar i omsetning. Drifta har gitt overskott kvart år sidan oppstarten i 2005 – unnateke eitt.

Samtidig har ho teke litt utbytte – og etter kvart konsernbidrag, som er gått til hennar og mannen sitt felles investeringsselskap. Her har dei óg investert i eigedomar som dei tilsette kan låne.

– Eg har ønska å skape noko vidare, slik at vi også har noko å gi tilbake til dei, fortel ho.

Eit eigarskap i industribedrifta Dimo på Hareid har også hausta av seg, og gitt kapital som har gjort at Pernille’s Clinique har vore i stand til å utvide.

Ein klinikk for alle, både menn og damer
Alle terapeutane til Dybhavn har spisskompetanse, i tillegg til hudpleie og fotterapi. Difor kan dei mellom anna tilby makeup-tatovering, epilasjonsterapi og medisinske behandlingar.

Kundane er meir variert enn ein kanskje skulle tru. Hit kjem både kvinner og menn i alle aldrar, men behandlinga dei ønsker er gjerne ulik.

Det er flest kvinner som kjem for hudpleie, men også dei har óg mannlege kundar. Typiske utfordringar kan vere eksem eller andre hudsjukdomar som Rosacea.

Det har vore nokre skeptiske menn som har kome inn døra med eit gåvekort på fotterapi
Ingrid Dybhavn

På fotterapi er det jamnare fordeling mellom mannlege og kvinnelege kundar.

– Det har vore nokre skeptiske menn som har kome inn døra med eit gåvekort dei har fått på fotterapi. Men når dei går ut døra, har dei gjerne snudd heilt om og vil ha ein ny time.

– Det har vore veldig gøy, og visar at vi er ein klinikk for alle, både menn og damer. Og det ønsker vi å vere, seier ho.

Ingrid Dybhavn Pernilles Clinique foto Marius Rosbach 33
HAR AVVIST UNGE JENTER: Ingrid Dybhavn er ikkje begeistra for trenden med at fleire unge jenter vil ha kosmetisk behandling. Foto: Marius Rosbach

Kosmetiske tilbod meir populært
Service og profesjonalitet har vore hennar mantra gjennom alle år. For å henge med på utviklinga og halde på kundane, har dei heile tida følgje med på trendar i bransjen. Det gjeld alt frå produktportefølje til ulike type behandling.

Ho har også brukt mykje tid på å reise til messer og knytte kontaktar i bransjen, som ho har lært mykje av – og brukt for å halde tilbodet i salongen oppdatert.

Dei siste åra har dei hatt kosmetisk sjukepleiar på huset som tilbyr mellom anna botox og filler.

Har avvist unge jenter
Leppebehandling er populært, men mange vil også fjerne rynker og linjer. Dybhavn fortel at dei har avvist unge jenter som har kome til klinikken av det dei oppfattar som feil grunnar.

– Eg likar ikkje den trenden og den er veldig tydeleg. Eg ønsker ikkje at unge jenter skal gjere det, og då er det vårt ansvar å seie frå at dei ser flotte ut som dei er, seier ho.

– Men til eksempel botox kan også hjelpe mot hovudverk og folk som plagast med å sveitte mykje, så det har sine positive medisinske sider, legg ho til.

Eldstedottera er ein mogleg arvtakar
May-Britt Ulstein, som har vore med henne heile tida, har dei siste åra fungert meir og meir som dagleg leiar.

– Ho har vore mi høgre hand heile tida, og vore med sidan vi hadde pauserom på ein gonger ein meter i eit langt mindre lokale. Vi har alltid samarbeida svært godt sammen, seier ho.

Etter kvart fekk Dybhavn tilbod om å vere med i selskapet som ville bygge der dei held til i dag. Her fekk ho teikne og utforme sitt eige lokale frå starten. Samtidig er ho inne som aksjonær i eigedomsselskapet Centraleiendommen, saman mellom anna Borgstein.

No har ho kanskje også fått ein arvtakar i eldstedottera, Sofie, som er i gong med utdanning som vil passe godt på salongen.

– Tidlegare har ho sagt at ho ikkje ville ta over, fordi ho har sett kor mykje eg har jobba. Men vi får sjå. I dag er jo salongen noko heilt anna, enn eg starta med.

Publisert: 30.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 29.01.2023 22:12

Mer om