Nytt
Vendanor må vente på kundane
Folk brukar Vendanor-automatane som aldri før, men koronakrisa har likevel fått kundane til Vendanor-sjef Harold Wieldraaijer til å nøle.
04.05.2020
- Eg håpar vi klarer å matche omsetninga (for 2019, red. merk.), men eg fryktar nedgang, seier dagleg leiar og medeigar Harold Wieldraaijer i Vendanor om 2020.
Vendanor lagar automatar for gassgrillbehaldar, der folk får bytta den tomme gassbehaldaren sin med ein ny og full. I 2015 selde selskapet for seks millionar kroner, i fjor for 37 millionar kroner (sjå tabell). Det er ny rekord.
2019 starta med ei ordrebok så full at den gav arbeid til nesten heile året, og selskapet har vunne innpass både i BeNeLux-landa og Tyskland.
- Veldig fint, seier Wieldraaijer om 2019.
Vendanor har permittert tre og ei halv stillingar av i alt 16 tilsette.
- Alle kundar er blitt redde no, seier Wieldraaijer.
- Vi har hatt ei rivande utvikling, og den hadde ikkje skjedd om vi hadde halde til fem kilometer frå kvarandre, sa medeigar og dåverande dagleg leiar Elias Loen i Nomek, då NETT NO skreiv om miljøet i 2015.
Vendanor lagar automatar for gassgrillbehaldar, der folk får bytta den tomme gassbehaldaren sin med ein ny og full. I 2015 selde selskapet for seks millionar kroner, i fjor for 37 millionar kroner (sjå tabell). Det er ny rekord.
2019 starta med ei ordrebok så full at den gav arbeid til nesten heile året, og selskapet har vunne innpass både i BeNeLux-landa og Tyskland.
- Veldig fint, seier Wieldraaijer om 2019.
På vent
Trass i at høgt gassforbruk og auka bruk av automatar som er i drift har koronalkrisa lagt ein dempar på salet av nye automatar. Ei større kontrakt er utsett på ubestemt tid, og Wieldraaijer reknar det som bonus om den skulle lande i løpet av året,Vendanor har permittert tre og ei halv stillingar av i alt 16 tilsette.
- Alle kundar er blitt redde no, seier Wieldraaijer.
Industriklynge
Vendanor spring ut av eit industrimiljø i Stryn, eit miljø som mellom anna omfattar mekanisk industri-bedrifta Nomek.- Vi har hatt ei rivande utvikling, og den hadde ikkje skjedd om vi hadde halde til fem kilometer frå kvarandre, sa medeigar og dåverande dagleg leiar Elias Loen i Nomek, då NETT NO skreiv om miljøet i 2015.
Publisert: 04.05.2020 15:39
Sist oppdatert: 04.02.2022 14:59