Ventar auka lønsemd i år
I 2019 snudde Hareid Group minus til pluss, i fjor auka lønsemda og i år ser den ut til å auke enda meir.
- Det ser brukbart ut for 2021 med å klare å forbetre seg i høve til 2020, seier konsernsjef Olav Haug Vikebakk i Hareid Group.
Konsernet har ein "sunn ordremasse" både på land og hos maritime kundar, seier han.
Frå 2017 til 2018 auka Hareide Group-konsernet driftsinntektene til ny rekord, men enda med underskot. Frå 2018 til 2019 auka konsernet driftsinntektene til nok en rekord, og kom akkurat ut i pluss, og varsla då 2019-tala var klare at selskapet hadde lagt tapsprosjekta bak seg.
Les også
Tøft i Polen
Hareid Group-konsernet omfattar 13 fleire heil- og deleigde selskap med tilsaman 650 tilsette, og leverer varer og tenester knytt til elektroinstallasjon på land og for skip i tillegg til forbrukarelektronikk. Handelsverksemda står for omlag halvparten av driftsinntektene til konsernet.
Med unntak av datterselskapet i Polen bidro dei øvrige datterselskapa i konsernet til overskotet i fjor.
Det polske selskapet har omlag 200 tilsette, som både arbeider i Noreg, Polen og andre land. Utfordringa under koronaåret 2020 var at reiserestriksjonar gjorde det vanskleg for det polske datterselskapet å få sendt folk ut på oppdrag, samstundes som ein del kundar sette oppdrag på vent.
Hovedkontor på Hareid og konsernet er eigd av 38 aksjonærar. Dei to største er Bjørn Bjåstad og familien og Bjørn Teigene og familien - begge med 39,9 prosent.
Hareid Group as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 1070,0 | 1197,2 |
Driftsresultat | 36,5 | 7,1 |
Resultat før skatt | 29,0 | 0,9 |
Publisert: 21.06.2021 14:23
Sist oppdatert: 21.06.2021 15:07