Bolig illustrasjon foto marius 33
MEIR VEKST: SSB for seg raskare vekst dei neste åra i på bustadmarknaden. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Ventar auka realinntekt og rentefest i 2025

Forskingsleiar spår at nordmenn vil få betre råd dei neste åra.

16.12.2024

(NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug): Statistisk sentralbyrå (SSB) ventar fem rentekutt neste år. I tillegg skal realinntekta til nordmenn stige 3,5 prosent i året frå 2025 til 2027.

– Fallet i inflasjonen og svakare vekstutsikter trekkjer i retning av litt lågare rente. Vi ventar at det første kuttet i styringsrenta kjem i byrjinga av neste år og at det blir fem rentekutt på 0,25 prosentpoeng i 2025, seier forskingsleiar Thomas von Brasch i SSB.

Den økonomiske veksten har vore moderat sidan midten av 2022, ifølgje SSB.

Gjentekne rentehevingar, høg inflasjon og svak etterspurnad frå utlandet har dempa aktiviteten. Samtidig har arbeidsløysa auka frå eit lågt nivå og ligg no på 4 prosent.

Auke i konsumet i hushalda
– Norsk økonomi er no i oppgang. Konsumet i hushalda, som svarer til rundt halvparten av BNP Fastlands-Noreg, har byrja å ta seg opp etter å ha utvikla seg svakt gjennom 2023, seier von Brasch.

Etter ein periode med høg inflasjon, høgare renter og fall i realinntekta, har hushalda fått auka kjøpekraft allereie i år. Denne veksten i realinntekta er venta å halde fram i åra framover.

– God lønnsemd i frontfaget gjer at lønnsveksten blir halden oppe. I tillegg vil lågare prisvekst og rentekutt gjere at hushalda får betre råd, seier von Brasch.

Gode tider på bustadmarknaden
I år reknar SSB med vekst i disponibel realinntekt, både med og utan aksjeutbytte, på 4,5 prosent. Og dei neste tre åra ventar dei eit gjennomsnitt på 3,5 prosent vekst.

Realinntekt er den inntekta du får i kroner og øre, men justert for inflasjon og deflasjon – det betyr altså kva inntekta di i realiteten er verd. SSB reknar med at lønnsinntekter og offentlege stønader kjem til å auke mykje meir enn prisane dei neste åra.

Også på bustadmarknaden ser SSB for seg raskare vekst dei neste åra. Dette kjem mellom anna av at eigenkapitalkravet for å få bustadlån blir redusert frå 15 til 10 prosent.

– Det inneber at vi ser for oss ein bustadprisvekst på rundt 2,4 prosent i år og rundt 4,4 prosent neste år. For 2026 og 2027 tilseier prognosebanen ein samla vekst på omtrent 9 prosent, skriv dei.

Sjeføkonom er skeptisk
Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 Sør-Noreg kallar SSBs scenario veldig positivt – kanskje litt for optimistisk, til og med.

– Viss dette slår til, så er det verkeleg eit bra scenario for norsk økonomi, med at rentene kjem ned samtidig med at folk beheld jobbane. Det verkar litt i overkant at det skal komme fem rentekutt viss økonomien held seg så bra, seier han til NTB.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er på si side veldig fornøgd.

– Det er bra at SSB stadfestar at norsk økonomi er i oppgang, og at kjøpekrafta til folk vil halde fram med å auke i åra framover. Folk er i ferd med å få betre råd, seier han til NTB.

Uvisse internasjonalt
Han peikar på at SSB også meiner bustadbygginga er i ferd med å ta seg opp, noko som er godt for byggjebransjen.

Det blir likevel også peika på nokre internasjonale faresignal. Hos Noregs handelspartnarar har det vore mykje uvisse. Kina veks svakare enn forventa, men framleis godt. Eurosona har svært låg vekst, medan påtroppande president Donald Trumps foreslåtte tollmurpolitikk i USA er noko som kan skape uro i heile verdsøkonomien.

– BNP-veksten hos handelspartnarane våre, som har vore knappe 2 prosent årleg sidan 2005, er venta å bli rundt 1,5 prosent i dei kommande åra, før han stig til rundt 2 prosent i 2027.

Publisert: 16.12.2024 09:07

Sist oppdatert: 16.12.2024 09:07

Mer om