Laks salmon evolution forste slakting foto salmon evolution 11
GODE PRISAR: Salmon Evolution har fått rekordprisar for laksen dei sendte ut på marknaden i første kvartal. Illustrasjonsfoto: Salmon Evolution
Nytt

Ventar dobling av slaktevolum

Børsopptur etter at Salmon Evolution har starta å tene pengar frå laks på land.

Marius Rosbach
07.05.2024

Salmon Evolution la tysdag morgon fram tal som viser at dei er i full gong med å tene pengar på landbasert oppdrett av laks.

Investorane likte det dei fekk vite, og sendte aksjen oppover då børsen opna tysdag.

Ein times tid etter opninga var kursen opp meir enn ni prosent til 8,07 kroner. Nivået er det høgaste på om lag eitt år og prisar selskapet til 3,34 milliardar kroner.

Solid inntening
På slutten av fjoråret kunne Salmon Evolution vise fram tal som første gong nådde «break even» for drifta. Første kvartal i år viser eit overskott på drifta etter inntekter på meir enn 100 millionar i perioden, ifølgje ei børsmelding (sjå tabell under).

Ebitda – inntening før renter, skatt og avskrivingar – enda på 24,1 millionar kroner. Dei gir ei ebitda-inntening per kilo på 40 kroner, ifølgje kvartalsrapporten.

Salmon Evolution-sjef Trond Håkon Schaug-Pettersen meiner resultata viser at selskapet har lukkast med å etablere ei «unik, effektiv og lønnsom vekstplattform», heiter det i meldinga.

Sjå presentasjon av resultatet frå klokka 08 (ekstern lenke)

Ventar dobling av slaktevolumet
Oppdrettsselskapet slakta 901 tonn laks med ein snittvekt på 4,6 kilo i første kvartal. Dei har no rekordhøg biomasse i anlegget.

I løpet av andre kvartal venter Salmon Evolution ei dobling av slaktevolumet til mellom 1600 og 1800 tonn.

Nyleg sendte selskapet ut ei melding der dei fortalde at dei fekk om lag 108 kroner kiloen for oppdrettslaksen som selskapet slakta i 1. kvartal.

Skal ta investeringsavgjerd for nytt byggetrinn
Produksjonskostnadene held fram å utvikle seg i tråd med forventingane. No jobbar dei med å halde kostnadene nede og optimalisere drifta.

Enkelt sagt handlar mykje om å gjere «meir av det same» framover, opplyste selskapet under presentasjonen.

Også utvidinga med eit neste byggesteg går som planlagd. Målet er å ta ei investeringsavgjerd i løpet av 2. kvartal.

Salmon Evolution
1. kvartal. i mill. kroner2024
2023
Driftsinntekt

100,3

2,9
Driftsresultat
6,7
-24
Resultat før skatt
-1,2
-32,3



Publisert: 07.05.2024 07:52

Sist oppdatert: 07.05.2024 10:13

Mer om