Om lag 400 delegatar, medlemar, politikarar og bedrifter knytt til fiskeribransjen vil fylle konferansesalen til Hotel Bristol i Oslo tysdag 11. og onsdag 12. februar i neste veke, når bransjeorganisasjonen Fiskebåt held årsmøte der. Det er fullt hus.
- Årsmøtet kan følgjast på nettet, og Nett No vil legge ut ei lenke der du kan følgje arrangementet
Det store stridsspørsmålet er om Fiskebåt skal melde seg ut av paraplyorganisasjonen Norges Fiskarlag, som også omfattar Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag.
Alle tre regionlaga i Fiskebåt har årsmøtevedtak som tilrår utmelding, men med atterhald.
Fiskebåt sitt krav er at alle tre organisasjonane i Norges Fiskarlag skal ha lik representasjon i styrande organ, og at organisasjonen sin politikk skal vere at fordelinga av fiskekvotane mellom fartøy og fartøygrupper skal vere stabil.
I dag har Nord Fiskarlag fleire representantar enn Fiskebåt og Sør-Norges Fiskarlag slik at Nord Fiskarlag kan blokkere alle vedtak som krev to tredjedels fleirtal.
Kom Fiskebåt i møte
Etter å ha sagt nei til Fiskebåt sine krav på årsmøtet sitt i oktober i fjor, snudde Nord Fiskarlag på eit ekstraordinært årsmøtet 3. februar i år. Nett No har førebels ikkje fått ein kommentar frå styreleiar Christians Strand Halstensen om kva styret i Fiskebåt vil rå årsmøtet til å gjere etter Nord Fiskarlag sin snuoperasjon.
Tilliten til og tilhøvet mellom Fiskebåt og Nord Fiskebåt kunne vore betre.
Etter det Nett No har grunn til å tru, er det frykt for at delegatar frå Nord Fiskarlag kan kome til å snu når årsmøtet i Norges Fiskarlag møtes til hausten.
Det er på dette møtet ei eventuell endring i representasjonen i styrande organ i Norges Fiskarlag skal vedtakast.
Reglane i Norges Fiskarlag er slik at det tek to år før eit utmelding tek til å gjelde, rekna frå første landsmøte etter at ei utmelding er levert. Om ikkje Fiskebåt vedtek utmelding no, og landsmøtet i Norges Fiskarlag ikkje vedtek ei endring i fordelinga av representantar i styrande organ i haust - vil det gå over fire år frå no før Fiskebåt eventuelt kan gå ut av Norges Fiskarlag.
Separasjonløysing
Eitt alternativ Fiskebåt kan bruke for å gardere seg er å vedta ei utmelding, men samstundes ha formuleringar i vedtaket sitt som opnar for å trekkje utmeldinga dersom landsmøtet innfrir krava til Fiskebåt, slik Nord Fiskarlag nyleg har vedtatt på sitt ekstraordinære årsmøte.
I det mellombelse programmet til årsmøtet i Fiskebåt står det at spørsmålet om utmelding skal behandlast for lukka dører, men om det blir slik er det opp til årsmøtet sjølv å bestemmet.
Les programmet her (ekstern lenke)
Publisert: 07.02.2025 14:44
Sist oppdatert: 07.02.2025 21:31