John Breivik Geir Østensen foto Ogne 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
ÅLESUND: John Breivik (t.v.) og Geir Østensen i Arena Norway står bak fiskerimessa Bluefish Expo i Ålesund, som i september blir arrangert for femte gang. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ventar fullt hus på fiskerimesse

Måtte ommøblere for å få plass til alle utstillarane.

Marius Rosbach
26.08.2025

Tysdag til og med torsdag 2. til 4. september er det duka for den 5 utgåva av Bluefish Expo i Ålesund.

Arrangørane kan fortelje at dei er «utselt» og ventar ein plass mellom 80 og 100 utstillarar til messa ved Sparebanken Møre Arena. 

Fleire har meldt seg på i siste liten, og gjorde det nødvendig med ei ommøblering av arealet for å få plass til alle. 

– Sluttspurten blei veldig bra, og gler oss til å vise fram ein flott messehall og eit godt program, seier John Breivik til Nett No. 

Saman med Geir Østensen står han bak arrangementet som går av stabelen annakvart år. 

– Det er spennande tider 
Ei rekke lokale bedrifter er å finne på utstillarlista. I tillegg til aktørar som tilbyr sine produkt eller tenester, står politisk debatt og fleire føredrag på programmet.

Breivik trur mange er spent på bodskapen frå sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea som kjem under «Fiskarlunsjen» onsdag. 

– Det er spennande tider for fiskerinæringa, og dei er vande med at ting går i syklusar. Men ting tyder på at kvotenedgangen blir kompensert av prisoppgang, og at økonomien difor ikkje blir noko dårlegare, seier Breivik om korleis han oppfattar situasjonen i bransjen. 

Atomkraft, sikkerheit og skatt
Klyngeorganisasjonane Blue Legasea og Blue Maritime Clüster skal fortelje korleis ein kan utvikle verdikjeda for ei optimal utnytting av både fangst og fartøy. 

På programmet står også professor Jan Emblemsvåg fra NTNU, som skal gi eit svar på om framtidas fiskebåt er atomdriven.

Torsdag står sikkerheit på programmet både for fiskarane sjølv, og for datautstyret som blir nytta – samtidig som Espen Remme skal snakke om økonomiske rammer, skatt og formue.

Sjekk heile programmet her (ekstern lenke)

Publisert: 26.08.2025 12:03

Sist oppdatert: 01.09.2025 21:12

Mer om