Metizoft Øyvid Sundgot og Gry cecilie Sydhagen foto Metiozoft
NYE MARKNAD: Salssjef Øyvind Sundgot og grunnleggar og dagleg leiar Gry Cecilie Sydhagen i Metizoft rekna med vekst i marknaden for berekraftrapportering. Foto: Metizoft.
Nytt

Ventar kraftig trykk på berekraftrapportering

Metizoft har utvikla eit verktøy for internasjonal rapportering om berekraft, og har også fått sine første lokale kundar.

23.06.2023

- Vi ser for oss ein ganske rask ekspansjon framover, og vi trur hausten blir veldig spennande, seier marknadssjef Øyvind Sundgot i Metizoft.

Innan få år trur han Metizoft sitt system for ESG-rapportering vil bli ei "betydeleg" inntektskjelde for selskapet. ESG ei forkorting for Environmental, Social and Governance som kan oversettast til miljø-, sosiale- og forretningsetiske forhold.

-Utover i 2024 ventar vi eit voldsomt trykk på ESG. Potensialet er enormt.

Internasjonale krav om at bedriftene må levere ESG-rapportar som ein del av den øvrige rapportering si er grunnen til at Metizoft i Herøy har utvikla eit system for enkel innsamling og rapportering av data.

Analyserer regelverk
Metizoft analysert jamneleg kva regelverk som er på veg inn i skipsfarten og arbeider for å utvikle system som skal hjelpe reiarlaga med å levere dei naudsynte rapportane.

Då krav til rapportering om farleg last kom for nokre år sidan utvikla Metizoft eit system for oppretting og vedlikehald av slik dokumentasjon, som mellom andre tankreiarlaga Frontline og Golden Ocean tok i bruk.

Lokale kundar
Metizoft har allereie fått internasjonale kundar til ESG-rapporteringsystemet sitt, som også tek for seg rapporteringskrav knytt til den såkalla åpenhetslova. Den lova set krav til bedriftene om at dei skal vite om deira leverandørar og underleverandørar driv etisk og innanfor regelverk.

No er også lokale bedrifter på kundelista.

Remøy Management i Fosnavåg, og Entec Group med hovedkontor i Ulsteinvik, er blant bedriftene som inngår samarbeid med Metizoft for rapportering på miljø-, sosiale-, og forretningsetiske forhold, skriv selskapa i ei felles pressemelding.

«Vi har alle en felles forpliktelse for en planet i balanse og at den blir minst mulig påvirket av våre aktiviteter. Dette er et ansvar vi tar på alvor, og med Metizoft sitt ESGverktøy kan vi følge tett med på hvordan vi ligger an i forhold til våre mål.», seier Remøy Management-sjef Even T. Remøy i pressemeldinga.

Publisert: 23.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 22.06.2023 20:56

Mer om