Caroline Hjellegjerde HR direktor Olympic Group og Simon Flaskjer controller og trainee i Brimer pa U37 sore Sunnmore mote i Ulsteinvik 20 mars 25 foto Ogne
VURDERER TRAINEE-STILLINGAR:: HR-direktør Caroline Hjellegjerde i Olympic Group seier konsernet vurderer traineestillingar til neste sesong. Controller og trainee Simon Flåskjer i Brimer er ein av fire traineear i første sesong av traineeprogrammet for søre Sunnmøre. I går møttes dei på U37 Søre Sunnmøre-arrangementet i Ulsteinvik, eit anna tiltak for å gjere næringslivet på Nordvestlandet lokkande for yngre arbeidstakarar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ventar kraftig vekst for trainee-ordningar

Begge trainee-ordningane på Sunnmøre har fått så gode tilbakemeldingar at dei ventar at langt fleire bedrifter blir med når andre sesong kjem i gang.

21.03.2025

Minst ei dobling, seier prosjektleiar Frida Voldnes i Ulstein Næringsforum om kor mange bedrifter ho reknar med blir med på trainee-ordninga Spring Trainee til hausten.

Trainee-ordninga, som dekkjer søre Sunnmøre, hadde over 70 søkjarar, men berre fire bedrifter med kvar si trainee-stilling. Så langt er det allereie fem nye bedrifter som har sagt seg positive til å vere med til hausten, fortel Voldnes. 

Det kan fort bli fleire. Olympic Group er blant dei som er i tenkjeboksen. HR-direktør Caroline Hjellegjerde seier konsernet har ein til to stillingar som dei vurdere å gjere til trainee-stillingar.

I år deltok Hjellegjerde med eit innlegg då Ulstein Næringsforum og Mafoss samla over 30 yngre i næringslivet på Sunnmøre for å etablere ei U37-foreining for regionen. Der var også dei fire traineeane, som skal få deltaking i U37-foreininga som ein del av traineetilbodet. U37 skal vere både ein sosial møteplass, ein arena for nettverksbygging, for faglig påfyll og for å bli kjent med nærings- og samfunnsliv på søre Sunnmøre.

– Veldig spennande, seier Hjellegjerde om kombinasjonen traineetilbod og U37-medlemskap.

Over 200 søkte 
Ei traineeordning er eit tilbod til folk som har fullført høgare utdanning, der dei får arbeide med ulike oppgåver i bedrifta. Det er eit rekrutteringstilbod der kandidatan både får lære bedrifta og regionen å kjenne.

Over 200 søkjarar konkurrerte om 17 plassar, fordelt på 12 bedrifter, i Næringsforeningen Ålesundregionen sitt traineeprorgram. Det kjem i gang til hausten.

Dagleg leiar Heidi Nakken i Næringsforeningen Ålesundregionen trur på "ein kraftig oppgang" i talet på bedrifter til neste sesong. 

Mengda søkjarane har gjort inntrykk hos bedrifter på jakt etter folk.

– No er det fleire bedrifter som har vakna, seier Nakken.

Lettare å selje bodskapen
Simon Flåskjer er controller hos Brimer i Ulsteinvik og med i trainee-ordninga.

Han var også med på U37-møtet i går, og meiner det er eit godt tilbod, i tillegg til trainee-ordninga.

Erfaringa til Flåskjer og bedriftene som er med i trainee-ordninga gjer det mykje lettare å selje inn ordninga til neste sesong, ifølgje Frida Voldnes.

– No har vi nokon å vise til, seier ho. 

Publisert: 21.03.2025 05:00

Sist oppdatert: 20.03.2025 21:13

Mer om