Trond teigene sparebanken sogn og fjordane foto sparebanken 11
SER OPPBREMSING: Sparebanken Sogn og Fjordane-sjef Trond Teigene er ikkje uroa for tap, men ser teikn til oppbremsing i næringslivet.Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane.
Nytt

Ventar mindre fart i næringslivet

Sparebanken Sogn og Fjordane ser teikn mindre aktivitet i deler av marknaden.

14.02.2024

"Høgare renter og kraftig prisvekst har også negativ innverknad på næringslivet. Førebels er aktiviteten i næringslivet god, men banken ventar ein reduksjon i aktiviteten og i investeringane, og enkelte bransjar merkar fall i etterspurnaden. Dette gjeld særskilt bygg og anlegg", skriv banken i kvartalsrapporten per fjerde kvartal 2023.

Les børsmelding her

24,3 prosent av utlåna til Sparebanken Sogn og Fjordane er til bedrifter og offentleg sektor, og banken er ikkje uroa for tap trass i at den ventar mindre aktivtet for deler av næringslivet framover.

"Det er vår vurdering at bedriftene i regionen samla sett er godt rusta til å møte eit meir usikkert makrobilde. Kredittrisikoen på bedriftsmarknaden vert derfor vurdert som moderat.", skriv banken i kvaralsrapporten.

Utlånsveksten samla er på 4,5 prosent, 5,3 prosent i privatkundemarknaden og 2,3 prosent i bedrift-/offentleg sektor-marknaden.

Veksten er lågare enn den har vore tidlegare, men det er framleis god vekst spesielt frå privatmarknaden, skriv banken.

Sparebanken Sogn og Fjordane er dels sjølveigande dels eigd av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler. Banken foreslår å betale ut 507 millionar kroner i utbytte og gåver etter 2023.

Sparebanken Sogn og Fjordane

Per 4. kvartal. I mill. kroner

20232022
Inntekt16671314
Resultat før tap1121815
Resultat før skatt1108779
Sparebanken Sogn og Fjordane
4. kvartal. I mill. kroner20232022
Inntekt410379
Resultat før tap259250
Resultat før skatt260220

Publisert: 14.02.2024 17:41

Sist oppdatert: 14.02.2024 17:41

Mer om