Gunther Dahler Geiranger Hotel foto Ogne
SNUR TIL PLUSS: Gjennomslag for at også Havila-hotella skal omfattast av kompensasjonsordninga for stort inntektsfall under koronaepidemien gjer at Havila Hotels-sjef Gunther Dahler ventar at hotella samla sett kan vise til plussresultat i fjor, etter at søknaden er behandla.
Nytt

Ventar pluss med koronastøtte

To år på rad med koronatrøbbel har ikkje fått Havila Hotels-sjef Gunther Dahler til å miste trua på hotellsatsinga.

23.08.2021

Neste år, når koronaepidemien er over, blir det fantastisk, seier Dahler.

Strategien med å legge om frå å ta i mot busslastar med store grupper til å satse på individuelle reisande, har gitt høgare inntekter per rom og gjest.

I perioden medio juni og ut august i år har romprisen i gjennomsnitt ligge 11-16 prosent over tilsvarande periode i fjor og Dahler trur det blir råd å vidareføre denne effekten også etter koronakrisa.

Han er spesielt nøgd med resultatforbetringa i Hotell Ivar Aasen (sjå tabell).

Håpar på støtte
Trass optimismen legg Dahler ikkje skjul på at det har vore krevande å drive hotell etter at koronaepidemien og smitteverntiltaka mot den kom, noko som også underskota i alle tre hotellselskapa i fjor viser (artikkelen held fram etter tabellen).

Geiranger Hotelldrift as

Tal i mill. kroner

20202019
Driftsinntekt18,532,5
Driftsresultat-2,53,6
Resultat før skatt*
*Endleg reknskap er ikkje klart

Hotell Ivar Aasen as

Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt14,819,9
Driftsresultat-0,50,8
Resultat før skatt-0,5-1,2

Raftevold Hotel as

Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt4,411,7
Driftsresultat-6,5-2,3
Resultat før skatt-6,5-2,5

Havila-hotella omorganisert seg like før koronaepidemien kom, og delte selskapa i eigedom- og driftselskap. Det gjorde at driftselskapa ikkje lenger hadde ein historikk å vise til og dermed ikkje kvalifiserte til støtte som skulle kompensere for stort innteksfall på grunn av epidemien og smitteverntiltaka mot den.

Tidlegare i år vart reglane endra, og no håper Dahler ein ny søknad skal bli positiv behandla og gi selskapa kompensasjon for inntektsfallet i fjor.

Får Havila-hotella kompensasjon for stort inntekstfall på line med det andre hotell har fått vil hotella samla sett har eit plussresultat i 2020, ifølgje Dahler.

Tel på knappane
Etter sommersesongen i fjor stengde Havila Hotels Raftevold Hotel på Grodås.

Den økonomiske uvissa ved å drift hotellet i vintersesongen under koronaepidemien var for stor, og i ettertid meiner Dahler det var ei rett avgjerd på stenge.

No tel Havila Hotels på knappane for Raftevold Hotel også denne vinteren, og ei avgjerd blir teken i august, seier Dahler.

Om hotellet blir stengt også denne vinteren er det i såfall berre for komande sesong, målet er heilårsdrift.

Publisert: 23.08.2021 06:00

Sist oppdatert: 22.08.2021 10:51

Mer om