Johnny Aarseth
1100 TILSETTE PÅ NORDVESTLANDET: Kongsberg Maritime-tilsette på Nordvestlandet utgjer knappe 15 prosent av alle tilsette i selskapet. Johnny Aarseth er ein del av toppleiinga i selskapet og så øverste leiar for verksemda på Nordvestlandet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ventar større vekst på eigen kjøl

Toppsjefen for Kongsberg Maritime på Nordvestlandet meiner delinga av konsernet er ein fordel for regionen.

30.10.2025

Johnny Aarseth sit i leiargruppa i Kongsberg Maritime og er også selskapet sin øverste leiar på Nordvestlandet. Her arbeider omlag 1100 av Kongsberg Maritime sine rundt 8000 tilsette, fordelt på anlegg og kontor på Longva, i Brattvåg, Ålesund, Hjørungavåg og Ulstein.

Ingen treng å vere redde for å misse jobben av at Kongsberg Maritime blir skilt ut som eit eige selskap. Tvert i mot vil delinga gjere det lettare for Kongsberg Maritime å nå den veksten selskapet siktar mot, seier Aarseth til Nett No.

Delinga er «positiv, slik som eg ser det», seier Aarseth.

Betre på eiga hand
Både skipsutstyr og -teknologimarknaden til Kongsberg Maritime, og forsvarsverksemda i Kongsberg Gruppen har hatt kraftig vekst dei siste åra. Det har gradvis gjort selskapa meir sjølvstendige og uavhengige av kvarandre, der fordelane av å vere under same paraply har blitt mindre, etter Aarseth si vurdering. 

Går framlegget om å splitte Kongsberg Gruppen gjennom, vil Kongsberg Maritime mellom anna få sitt eige styre. Dei kan konsentrere seg om å utvikle selskapet. Konsekvensen blir mellom anna enklare og raskare beslutingsprosessar - og det vil Kongsberg Maritime tene på, meiner Aarseth. 

Han trur og børsnotering av Kongsberg Maritime vil bidra til å skjerpe selskapet.

Ventar kraftig vekst
Aarseth understrekar at ei utskilling ikkje endrar på vekststrategien til Kongsberg Maritime.

– Vi har ein vekstrategi i ein marknad som er venta å doble seg fram til 2035, ifølgje OECD, seier Aarseth.

Hittil i år har Kongsberg Maritime 19,5 milliardar kroner i driftsinntekt og i fjor var den 25 milliardar kroner for heile året.

Publisert: 30.10.2025 12:38

Sist oppdatert: 30.10.2025 19:46

Mer om