Verdas stoerste paa plass
SØLVTRANS: Med ei lengde på 116 meter, breidde på 23 meter og fisketankar på 7.450 kubikkmeter er Ronja Storm verdas største brønnbåt.
Nytt

Verdas største på plass

Skroget til Ronja Storm, verdas største brønnbåt, er no på plass ved Havyard Leirvik.

21.02.2019
Sølvtrans-båten Ronja Storm er med sine 116 meter større enn alle andre brønnbåtar.
Det er heller ingen andre som kan produsere 16,8 millionar liter ferskvatn i døgnet, nok til å dekke døgnforbruket til 100.000 nordmenn.

- Grensesprengande

Fisketankane er også dei hittil største, og båten skal kunne laste 1.000 tonn fisk på ein time, og har ein samla fisketank-kapapasitet på 7.450 kubikkmeter.
I ei pressemelding frå Havyard kallar seniordesignar i Havyard Design & Solution, Kjetil Myren, Ronja Storm for grensesprengande.
- At Ronja Storm er verdas største, handlar ikkje berre om fysiske størrelsar. Det som har vore i fokus er skånsom og sikker handtering av store mengder fisk, og det har krevd utvikling av nye løysingar og utstyr.
- Kunde og sluttbrukar har utfordra oss ned til minste detalj, og resultatet er at Ronja Storm blir ein gigant på alle område, seier Myren.

Tasmania

Sølvtrans skal leige ut brønnbåten til Huon Aquaculture i Tasmania utanfor Australia. Kjetil Myren seier i pressemeldinga at det er behova der knytta til frakt og behandling av fisken som krev dei store dimensjonane.
- Laksen må behandlast og fraktast mange gongar gjennom livssyklusen og bading i ferskvatn er ei effektiv og miljøvenleg metode.
- Ved å produsere eige ferskvatn blir behandlinga meir berekraftig. Du slepp å bruke naturleg ferskvatn som er eit knapt gode, du slepp å bruke tid og brennstoff på å hente det og du slepp å reinse det.
Ronja Storm skal overleverast til Sølvtrans hausten 2019.


Publisert: 21.02.2019 15:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31