Verdikjedene for mat trua av klimaendringar
Ekstremtilfeller kan gi rasjonering av mat i Norge.
Rapporten som vart publisert 25. august handlar om korleis klimaendringar kan påverka verdikjedene i matsystemet nasjonalt og globalt. Den er laga av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Vista Analyse og Ruralis for Miljødirektoratet.
I ei pressemelding konstaterer miljødirektør Ellen Hambro at denne rapporten viser at klimaendringar kan få store effektar i alle delar av ei verdikjede.
«Verdikjeder strekkjer seg på tvers av landegrenser, og det som skjer i andre land vil ha mykje å seia for Noreg. Rapporten understrekar også kor viktig det er at me både kutter klimagassutslepp og samtidig rustar oss mot klimaendringane som kjem», seier miljødirektøren.
Tilpassingsdyktig norsk matsystem
Rapporten konkluderer med at Noreg i utgangspunktet har eit robust matsystem med stor evne til å tilpassa seg endringar i internasjonale forhold og nasjonale avlingar. Likevel skriv forfattarane at vi må forventa at det norske matsystemet kan bli sett på alvorlege prøver.
Analysen viser at kapasiteten hos tilsynsmakter og andre matinstitusjonar, mattryggleik, helse for sosiale grupper med lita kjøpekraft, og dessutan forbrukartillit, er blant dei mest sårbare områda i det norske matsystemet.
Mindre avlingar og dårlegare kvalitet
Rapporten seier også at klimaendringane vil skada produksjonen av mat, både på land og i havet. I Noreg vil ekstremvêr som regn og tørka, hetebølger, varmare hav, skadedyr og sjukdommar gjera det vanskelegare å produsera mat. Globalt kan klimaendringane gi mindre avlingar og dårlegare kvalitet i jordbruket. Dette vil påverka Noreg fordi vi importerer mykje mat, fôr og andre råvarer til matproduksjon.
Når fleire problem oppstår samtidig
Ifølge rapporten kan store svingingar i global matvareproduksjon utfordra mattryggleiken for delar av den norske befolkninga.
I ekstreme tilfelle, med samanfall av alvorleg klimarelatert svikt i matproduksjon og andre hendingar som politiske kriser, problem med logistikk og handelsrestriksjonar, kan det ikkje sjåast bort frå at det vil oppstå behov for rasjonering av knappe matressursar, også i Noreg.
Med denne rapporten får forvaltning, næringsliv og andre meir kunnskap om klimarisiko i verdikjeder, og auka innsikt i korleis klimaendringar kan verka saman med andre hendingar.
(©NPK)
Publisert: 29.08.2022 07:30
Sist oppdatert: 29.08.2022 00:10