NTB C Bzr M Ndnbwg
DIESEL: Dieseldrivne hurtigbåtar ligg til kai i Bergen. Kontrakten med desse blir forlenga, til 2024 og kanskje til 2026. Foto: Margunn Sunnfjord/ NPK
Nytt

Vestland får ikkje ladestøtte til hurtigbåtar

Dagens hurtigbåtkontraktar, med dieseldrivne fartøy, blir forlenga.

09.09.2021

NPK: I samband med nytt anbod på dei lange båtrutene frå Bergen til Sogn og Nordfjord søkte Vestland fylke om pengar til ladepunkt for hurtigbåtar. No har dei fått avslag frå Enova.

Hurtigbåtane er miljøverstingar, men etter avslaget er arbeidet med anbod på rutene mellom Bergen, Sogn og Nordfjord stoppa.

Stoppar fornying inntil vidare
– Skyss sitt arbeid med rutepakke 1 er mellombels stoppa etter avslaget frå Enova. Vi jobbar no med å sjå på ulike alternativ for vegen vidare, og vi vil i haust involvere politikarane i kva vi skal gjere vidare, skriv direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø, i ein e-post til BT/E24.

Enova skriv i avslaget: «Det vurderes for sambandene som omsøkes at batterihybridisering ikke er et naturlig og nødvendig steg for senere nullutslippsløsninger.»

Med andre ord meiner det statlege støtteorganet at når Vestland opnar for drift med batteri og diesel, så er dette kjend teknologi, som ikkje treng støtte.

Trur ikkje på batteri
Enova har ikkje tru på rein batteridrift på så lange samband. Rutene er så lange og farten så høg at batteripakken rett og slett blir for stor og tung med dagens teknologi.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal seier at Enova si tilråding til Vestland er tydeleg, at fylket må jobba vidare med nullutsleppsteknologi.

– Vi skriv derfor ei mellombels kontrakt med Norled, som no trafikkerer sambanda, til 2024 med mogleg forlenging til 2026 for å få betre tid, seier han.

Publisert: 09.09.2021 13:42

Sist oppdatert: 09.09.2021 13:51