Vestlandske ombygging MF Jorunheimog MF Hjorungavag illustrasjon Vestlandske
BATTERIDRIFT: Det er ferjene MF Hjørungavåg og MF Jotunheim som blir bygd om til batteridrift for Vestlandske. Illustrasjon: Vestlandske
Nytt

Vestlandske ventar på dispensasjon

Sjøfartsdirektoratet sitt mål er å svare på søknaden om mellombels unntak frå nullutsleppskravet på Geirangerfjorden før rutestart i neste veke.

09.04.2026

Vestlandske planlegg sesongstart for ferjeruta på Geirangerfjorden onsdag 15. august, men må vente på svar på dispensasjonssøknad om å kunne bruke ei dieselferje inntil vidare.

Frå og med i år er det krav om at ferjedrifta på Geirangerfjorden skal vere CO2-utsleppfri. For å oppfylle det kravet har Vestlandske to ferjer under ombygging til batteridrift, med planlagt levering i juni. 

Inntil det skjer må selskapet basere seg på dieseldrift, og har søkt om dispensasjon frå utsleppskravet. Vi ønskjer dispensasjon fram til 15. juni 2026. Våre elektriske ferjer vil vere på plass før 1. juli 2026., skriv Vestlandske i ein epost til Nett No.

Ei avklaring om dispensasjon kan kom tidsnok til at eit ja betyr at Vestlandske får starte som planlagt i neste veke.

"Vi har som mål å gi et svar på søknaden innen rutestart 15. april", skriv Sjøfartsdirektoratet i ein epost til Nett No.

To konkurrentar
Vestlandske og Fjord 1 konkurrerer om bilferjetrafikken mellom Hellesylt og Geiranger med to ferjer kvar i høgsesongen.

Fjord 1 fekk nyleg avslag på søknaden om vernstatus for sine to gamle dieselferjer i sambandet. Ein slik status kunne gitt reiarlaget løyve til å drive vidare med diesel, trass i nullutsleppskravet. 

I staden for vernestatus har Sjøfartsdirektoratet gitt Fjord 1 dispensasjon frå nullutsleppskravet, men berre ut juni. Per i dag har Sjøfartsdirektoratet ikkje fått nokon søknad frå Fjord 1 om utvida dispensasjon frå kravet.

Byggjer om
Det er ferjene MF Hjørungavåg og MF Jotunheim som blir bygd om til batteridrift for Vestlandske. Den første er bygd i 1990, den andre i 1978.  

Fordi nødvendig ladeanlegg og -kapasitet ikkje er på plass på Hellesylt, arbeider Vestlandske med ei løysing med eit mobilt ladeanlegg. 

Der kan store batteri bli lada på ein stad med tilgang til straum, og køyrt til Hellesylt. Der kan dei bli brukt til å forsyne ferjene med straum, før dei blir køyrt tilbake og lada opp på nytt. 

I Geiranger ligg ferjene an til å kunne lade frå eit landanlegg, men i verste fall er ei mellombels mobil løysing eit alternativ også der, ifølgje dagleg leiar Øystein Meek i Vestlandske.

Publisert: 09.04.2026 13:16

Sist oppdatert: 09.04.2026 15:07

Mer om