Vestlendingar meir kritiske til vindkraft enn austlendingar
VINDKRAFT: Folk er delte i spørsmålet om vindkraft på land, både mellom landsdelane og mellom generasjonane. 
Nytt

Vestlendingar meir kritiske til vindkraft enn austlendingar

Ei undersøking gjort av Norsk medborgerpanel, viser at spørsmålet om vindkraft på land er delt mellom landsdelane og mellom generasjonane.

19.12.2019
NPK: Undersøkinga frå Norsk medborgerpanel viser at det er størst motstand mot vindkraft på land på Sørlandet, etterfølgt av Vestlandet og Trøndelag.Og yngre personar er meir positive enn eldre. Undersøkinga er publisert i .
I undersøkinga vart folk bedne om å ta stilling til to påstandar om vindkraft. Den eine påstanden er at det bør byggjast fleire vindmøller på land i Noreg. Den andre påstanden i undersøkinga var at det bør byggjast fleire vindmøller til havs i Noreg. Det var i spørsmålet om vindmøller på land usemja var klart størst og delt mellom landsdelane og generasjonane.

- Ikkje overraska

Tore Røys Nesbakk som er motstandar av vindkraft i Bremanger, er ikkje overraska.
– Folk på Austlandet er langt mindre berørt av vindkraftutbygging enn vi som får denne naturøydelegginga tredd ned over hovuda våre, seier Tore Røys Nesbakk til .
Nesbakk trur det at folk fødde etter 1990 er meir positive til vindkraft på land, kjem av både mangel på kunnskap og at mange unge menneske har flytta til sentrale område, og kanskje ikkje ser dei negative konsekvensane på nært hald, skriv BT.
Ut ifrå undersøkinga meiner nesten åtte av ti, uavhengig av alder og stad, at det bør satsast på utbygging til havs i større eller mindre grad.
Folk på Austlandet er langt mindre berørt av vindkraftutbygging enn vi

Publisert: 19.12.2019 12:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48