Vestre hastar gjennom fylket
Næringsminister Jan Christian Vestre skal besøke 100 bedrifter på 100 dagar. Måndag står Møre og Romsdal for tur.
Næringsministeren har lagt opp til eit hektisk program på rundturen gjennom fylket, eit program som startar tidleg i Kristiansund, og vert avslutta i Ulsteinvik på ettermiddagen. Både Ellingsøy, Langevåg og Ålesund får besøk.
– Industri, skip, fiskeforedling, salg av klede. Alt dette bygger, utviklar og driv driftige folk i Møre og Romsdal med.
- Fylket er ein viktig motor for innovasjon, industri og eksport for landet, og eg ser fram til å møte folka bak som bidrar til å gjere det mogleg, seier næringsminister Jan Christian Vestre, før besøket.
Les også
Tre stopp på Sunnmøre
Her er programmet, slik Nærings- og fiskeridepartementet har lagt det opp:
Kl. 08:10: Kristiansund: Bedriftsbesøk hos eSEA Marine AS.Offshorebedrift som mellom anna jobbar med å hente opp avfall frå havbotnen.
Kl. 09:00: Kristiansund: Bedriftsbesøk hos Oss-Nor. Familieeigd leverandørbedrift til offshorenæringa.
Kl. 11:00: Molde: Bedriftsbesøk hos innovasjonslabben NCE iKuben og møte med lokale gründerbedrifter.
Kl. 13.50: Ellingsøy: Bedriftsbesøk hos Brødrene Sperre som foredlar fisk.
Kl. 15:05: Ålesund: Bedriftsbesøk hos Sundolitt som mellom anna leverer resirkulerbar isolasjon til byggebransjen.
KL. 16:10: Langevåg: Bedriftsbesøk på Devoldfabrikken.
Kl. 17:50: Ulsteinvik: Bedriftsbesøk Ulstein Group som designar og bygger skip, med løysingar innan kraft og kontrollstyring av skip.
Publisert: 26.11.2021 12:42
Sist oppdatert: 26.11.2021 12:53