Vestre montasje Jan Christian foto Vestre Marius 11
FRÅ JÆREN TIL NEW YORK: Utemøblane til familiebedrifta Jan Christian Vestre har leia dei siste åra, er mellom anna i bruk på Times Square i New York. Til høgre frå då 35-åringen gjesta Sykkylven i 2019 og fortalde kvifor han meinte norske bedrifter har dei beste moglegheiter til å lukkast på eksportmarknaden. Foto: Vestre/Marius Rosbach
Nytt

Treng ikkje finne opp krutet på nytt

Den nye næringsministeren veit korleis norske varer kan seljast i utlandet. Det er berre éin av grunnane til at han ikkje bør vente på at eit nytt utval skal finne svaret.

Marius Rosbach
17.10.2021

ANALYSE:

Denne veka fekk Norge ei ny regjering frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Maritime næringar er mellom dei som kan vente seg eit løft, og dei første konkrete lovnadene kom i Hurdalsplattformen, mellom anna med auka satsing på netttolønnsordninga.

Eit anna spennande forslag er at Regjeringa vil gi den nye etaten Eksportfinansiering breiare mandat og finansieringsløysingar - og peiker spesielt på «innlandske klimaprosjekt i industrien, med stor eksportpotensial».

Eit av dei viktigaste måla er å auke eksporten. Mannen som er satt til å leie jobben er Jan Christian Vestre frå Rogaland. Næringsministeren frå Arbeidarpartiet blir sett på som eit friskt pust.

Men i den nye regjeringsplattforma står det også at dei vil skal «sette ned eit partsamansett utval, som skal konkretisere tiltak og verkemidlar», for å nå målet om auka eksport. Dette skal etterfølgjast av regjeringa si eigen eksportstrategi, som inkluderer bransjeavtaler og styrking av ordningar som skal fremme norsk eksport.

Med tanke på kva situasjon verda står i, og kva fart ting endrar seg med, er det all grunn til å håpe at den nye næringsministeren ikkje lener seg tilbake i stolen og ventar på at utvalet er ferdig - før han sett i gong med arbeidet.

35-årige Jan Christian Vestre har allereie vist at han veit litt av kvart om næringspolitikk og korleis regjeringa kan lukkast i eksportarbeidet.

I politisk samanheng er den nye næringsministeren for mange truleg eit ukjent namn, men han har tidlegare vore rådgjevar både i Arbeidarpartiet og i næringsdepartementet. Han har også leia Elevorganisasjonen og mellom anna hatt verv i AUF.

Mange næringslivsinteresserte vil kjenne den nye statsråden som sjef for familiebedrifta Vestre. Konsernet har hatt svært gode resultat dei siste åra, med fleirdobling av inntektene – og lønsemda. Møblane deira blir selt til heile verda, og i 2019 blei Vestre kåra til Noregs beste vekstskapar i den internasjonale «EY Entrepreneur Of The Year»-konkurransen.

– Å oppleve Jan Christian Vestre fortelje om ståa for norsk industri er som å få ein knyttneve i trynet – for så å bli løfta opp med fornya optimisme, skreiv NETT NO i ei analyse etter at han snakka under Sykkylven Næringsutvikling si 30-årsmarkering for to år sidan.

Om den nye statsråden leverer på same nivå som politikar som næringslivsleiar og foredragshaldar, er det mange norske bedrifter som kan ha grunn til å glede seg.

Han legg ikkje skjul på utfordringane Norge står ovanfor med høgt kostnadsnivå og aldrande befolkning, men er også tydeleg på kva fordelar norsk industri har.

God tilgang på fornybar energi, ein bedriftskultur som fremmer nyskaping, høg grad av automatisering og gode designarar, var nokre av dei viktigaste punkta Vestre trakk fram på storskjermen i kulturhuset i Sykkylven i 2019.

Den nye Støre-regjeringa har også eit godt utgangspunkt frå arbeidet til forgjengarane. Seinast i fjor haust la Solberg-regjeringa fram sin strategi og handlingsplan for eksport, eit resultat etter anbefalingar frå eit panel av personar frå eksportindustrien. Å lære frå våre naboland Sverige og Danmark var mellom nokre av råda, saman med å vere meire aktive og strategiske - og satse på næringsklynger.

I etterkant er GIEK og Eksportkreditt Norge omorganisert og blitt til Eksportfinansiering - eller Eksfin, medan Ålesund skal få det mykje omtala Eksportstrategirådet til byen. I dette arbeidet er det tenkt mykje bra om korleis ein skal lukkast med norsk eksport.

Eit anna arbeid den nye regjeringa kan lytte til, er råda frå utvalet Solberg-regjeringa oppretta for å vurdere korleis ein kan styrke maritim sektor.

Det er forståeleg at ei ny regjering vil ta sine eigne val – men kunnskapen om kva moglegheiter som finst for å auke norsk eksport, bør vere tilgjengeleg.

Då er det ingen grunn til å vente på at endå eit nytt utvalg skal bruke eit år eller to på å snakke saman. Då er det om å gjere å bestemme seg – og sette i gong med arbeidet.

Publisert: 17.10.2021 05:55

Sist oppdatert: 17.10.2021 12:39

Mer om