Jordbruksoppgjøret IKKE GJENBRUK 2022 11
SAMDE: Leiar i Noregs Bondelag Bjørn Gimming og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Kjersti Hoff kravde kompensasjon for auka utgifter og eit inntektsløft for bøndene i oppgjeret i år. Arkivfoto: Stian Lysberg Solum / NTB
Nytt

– Vi har fått eit nødvendig inntektsløft

Semje i jordbruksoppgjeret.

16.05.2022

(NPK-NTB): Bondeorganisasjonane og staten har vorte samde om ein jordbruksavtale som gir auka inntektsmoglegheiter på 10,9 milliardar kroner.

– Vi har med avtalen fått på plass ei avgjerande dekning av ekstraordinære kostnader, eit heilt nødvendig inntektsløft i 2023 og ein god start på tetting av inntektsgapet til andre grupper, seier Bjørn Gimming, forhandlingsleiaren i jordbruket og leiar i Noregs Bondelag, i ei pressemelding.

Ifølgje Bondelaget betyr avtalen bondeorganisasjonane har inngått med staten at bøndene får full kostnadsdekning i 2022 og 2023, og betydeleg inntektsvekst både i 2022 og 2023.

Inntektsvekst på 28.400 kroner i år
Kravet frå bøndene var på 11,5 milliardar kroner, medan staten la fram ein pakke på 10,15 milliardar 5. mai.

Avtalen gir ein inntektsvekst på 28.400 kroner per årsverk i 2022 utover full kostnadskompensasjon, og ein inntektsvekst på 64.000 kroner per årsverk i 2023 der 40.000 er tetting av inntektsgap.

Til saman gir han auka inntektsmoglegheiter på til saman 10,9 milliardar kroner samanlikna med 2022 før oppgjer.

Pressekonferanse måndag
Partane kalla inn til pressekonferanse måndag, same dag som fristen for forhandlingane gjekk ut. Avtalen vart presentert av landbruksminister Sandra Borch (Sp) og forhandlingsleiaren i staten Viil Søyland og leier Bjørn Gimming i Noregs Bondelag og leier Kjersti Hoff frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Jordbruksoppgjeret omhandlar ikkje berre inntektsmoglegheitene til bøndene for 2023, men også om kostnadskompensasjon for ekstraordinært høge kostnader på mellom anna gjødsel og straum. Oppgjeret var derfor rekna for å vere langt meir komplisert enn vanleg.

Får kompensasjon for auka kostnader
Staten tilbaud 2,4 milliardar kroner for å kompensere for auka kostnader, og det var det same som bondeorganisasjonane kravde. Det var likevel avstand mellom partane når det gjaldt kor mykje bøndene skulle få i inntektsløft.

Publisert: 16.05.2022 14:45

Sist oppdatert: 16.05.2022 14:55

Mer om