NPK: Gjennom Østfold Energi er Viken fylkeskommune indirekte storeigar av selskapet Zephyr, som er utbyggar av fleire omstridde vindkraftanlegg, blant dei Haramsøya ved Ålesund og Innvordfjellet i Trøndelag, skriv NRK.
Det raudgrøne fleirtalet i Viken fylkeskommune har i den politiske plattforma sagt tydeleg nei til utbygging av vindkraftutbygging i urørt natur og viktige friluftsområde.
Aksjonistar har utfordra dei til å trekke seg ut av eigarskapen i prosjekta.
Fylkesrådsleiar i Viken, Tonje Brenna, trur ikkje ein kan gjere noko med vindkraftverk som er under bygging, og vil ikkje trekke fylkeskommunen ut av prosjekta.
– Dette er også prosjekt der vindturbinane faktisk er i ferd med å skulle monterast, og eg er redd det ville innebere store kostnader viss ein gjekk inn og endra på det no, seier ho til NRK.

Publisert: 10.06.2020 14:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58