ULSTEIN SX195 Shanghai Electric Jan22 Joint Render2 2
KINA: Dei kinesiske havvindskipa får både X-bow og X-stern frå Ulstein. Skisse: Ulstein Design & Solutions
Nytt

Ulstein-gjennombrot i kinesisk havvind

Ulstein designar dei første serviceskipa til havvindindustrien i Kina.

27.01.2022

25. januar signerte Ulstein Design & Solutions AS og ZPMC-verftet i Kina ein designkontrakt på to ulike serviceoperasjonsskip (SOV) for havvind. Det er Shanghai Electric Windpower Group som skal ha skipa, som vert dei første spesialdesigna SOV-skipa til den kinesiske havvindindustrien.

Ulstein Design & Solutions og Shanghai Electric har med dette inngått eit samarbeid som gjer at dei vert blant dei første aktørane innan operasjons- og vedlikehaldstenester (Operations & Maintenance – O&M) i den kinesiske havvindindustrien, opplyser Ulstein i ei pressemelding torsdag.

- Banebrytande prosjekt
- Vi er svært glade for å kunngjere denne viktige milepælen saman med Shanghai Electric og ZPMC. Samarbeidet med ZPMC-verftet går tilbake til 2012 då tungløftsfartøyet DLS4200, designa av Ulstein, vart bygd der, og i dag er tungløftsfartøyet JSD 6000, også eit Ulstein-design, under bygging ved dette verftet.

- Vi ser fram til samarbeidet med ZPMC og Shanghai Electric. Vi set stor pris på å vere ein del av dette banebrytande prosjektet. Saman skal vi arbeide for å gjere framtida sikrare og grønare med berekraftige operasjonar, seier Runar Muren, administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions, i pressemeldinga.

Ser mot USA
Ulstein satsar stort på havvind etter at selskapet leverte sitt første havvind-design i 2014.

- I åra etter har Ulstein designa og bygd fleire andre O&M-skip for havvindmarknaden, og har også utvikla Jones Act-tilpassa havvindskip for den amerikanske marknaden, seier Runar Muren.

ZPMC and Ulstein Kirk 002
KONTRAKT: Designkontrakten mellom ZPMC og Ulstein vart signert i Kina og Noreg den 25. januar 2022. Foto: Ulstein Group

Ulstein opplyser at Shanghai Electric er den leiande tilbydaren av havvindturbinar i Kina med meir enn 50 prosent marknadsandel. Selskapet er også ein stor aktør innan utstyrsproduksjon.

Det vert vist til at eit nytt kapittel i drifta av havvindparkar i Kina vert starta når ein no tek i bruk SOV-skip, som vil forbetre effektiviteten i servicearbeidet, inkludert konstruksjonsstøtte i etableringsfasen av havvindfarmar.

- Set standard
Ulstein opplyser at dei to skipa vert pålitelege og miljøvennlege plattformer, som gir komfortable arbeidsstader til sjøs. Teknikarane vert sikra ein trygg og trinnlaus tilgang frå fartøyet til vindturbinen, og det er rikeleg med lagringsplass og ein velorganisert logistikk om bord på skipet.

- Vi set stor pris på at Shanghai Electric og ZPMC har valt Ulstein til å designe dei første SOV-skipa til Kina. Desse vil vere med på å sette ein standard for framtidas O&M-operasjonar i Kina.

- Vi har samarbeidd svært tett med klientane og våre kollegaer i Noreg, og vil halde fram med å bidra til å utvikle den kinesiske havvindindustrien, seier Johannes Røren, administrerande direktør i Ulstein Marine Services i Shanghai, i pressemeldinga

Contract signing Norway man dir Runar Muren contract manager Trond Gundersby UDS AS
KINA-AVTALE: Havvindoppdrag for Ulstein, her Runar Muren og Trond Gundersby. Foto: Ulstein Group

Batteri
Skipa vil ha plass til høvesvis 60 og 100 personar, og vil gjere Shanghai Electric i stand til å kunne tilby operasjons- og vedlikehaldsstøtte til sine sluttkundar.

I utviklinga av begge skipsdesigna er det lagt vekt på optimalisering av yteevne, kapasitet og drivstofføkonomi. Skipa vil vere utstyrte med batteri for eit grønare karbonavtrykk når dei skal yte service innan fornybar energi-segmentet.

Publisert: 27.01.2022 14:29

Sist oppdatert: 27.01.2022 14:55

Mer om