Zakariasdammen Tafjord
OPPSVING: Auka kraftprisar i slutten av 2026 medverka til det nest beste resultatet Tafjord har hatt. Biletet viser Zakariasdammen i Tafjord.
Nytt

Vil gi 198 millionar i utbytte

I fjor spådde Tafjord-konsernet at eigarane ville få redusert utbytte. I staden ligg det an til ein kraftig auke.

21.04.2026

Kraftmarknaden snudde til Tafjord sin fordel  i slutten av 2025. Det er bakgrunnen for at styret i selskapet foreslår eit utbytte på 198 millionar kroner etter 2025. 

I rapporten for første halvår i fjor spådde selskapet at utbyttet vill bli 110 millioner kroner, ned frå 124 millionar kroner etter 2024.

" I siste kvartal kom kraftprisen vesentlig opp, og samlet for 2025 kunne vi dermed levere det neste besteresultatet for Tafkjord noensinne", skriv konsernsjef Eirik Espeset i årsrapporten for 2025.

104 millionar til Ålesund
Dersom generalforsamlinga vedtek utbyttet på 198 millionar kroner betyr det 104 millionar inn i kommunekassa i Ålesund, som eig 52,61 prosent av Tafjord.

Dei andre eigarane er Eviny (tidlegare BKK) med 43,11 prosent eigarandel og Fjord kommune ( 4,28 prosent).

Publisert: 21.04.2026 17:27

Sist oppdatert: 22.04.2026 00:05

Mer om