T Rygve Slagsvol Vedum Foto Celine Lyse Augdal Finansdepartementet
Straumprisane til bedriftene skal no bli meir føreseielege, håpar finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp). TRygve Slagsvol Vedum Foto: Celine Lyse Augdal/Finansdepartementet
Nytt

Vil gi betre fastprisavtalar på straum

Fleire aktørar positive til ny ordning for næringslivet. Kjem på plass før jul, trur finansministeren.

10.11.2022
(NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug og Ole Henrik Tveten): Regjeringa har lagt fram eit forslag som skal leggje til rette for fastprisavtalar på straum for næringslivet. Forslaget skal no behandlast i Stortinget.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier at det er viktig for regjeringa å leggje til rette for betre fastprisavtalar for bedrifter og hushald.

– No legg regjeringa siste hand på eit viktig arbeid for å bidra til at dei som treng å sikre seg mot store svingingar i straumutgiftene, får eit reelt høve til det.

Avtalen inneber at kraftselskapa maksimalt kan ta eit prispåslag på 2,5 øre per kilowattime og eit fastbeløp på maksimalt 99 kroner per målepunkt.

Kan vere i gang før jul
Vedum seier at med dette forslaget og desse klargjeringane vil bransjen i større grad kunne tilby denne typen avtalar, som mange norske bedrifter har signalisert at dei ønskjer seg.

– Vi har lagt stor vekt på å rådføre oss med både kraftnæringa og andre aktørar undervegs, så eg har god tru på at kraftbransjen no vil tilby attraktive fastprisavtalar, seier finansministeren.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) trur denne nye fastprismarknaden vil vere i gang før jul.

– Bedriftene må sjølv ta stilling til om dei ønskjer løpande prisar eller lengre avtalar, men no får dei eit reelt høve til å velje. Regjeringa har som kjent vore utolmodige på vegner av næringslivet som slit med straumrekningane. Eg har tillit til at kraftselskapa no vil levere, seier Vestre.

Energi Norge fornøgd
– Spring og sel fastprisavtalar, kraftbransje! Det bør skje raskt, slik at bedrifter som ønskjer føreseielegheit får ei reell valmoglegheit. Det får dei no, seier næringsministeren til VG.

Energi Norge er fornøgd med at forslaget no er lagt fram.

– Det er bra at regelverket for den nye fastprismarknaden no kjem på plass. Vi trur det er mogleg for kraftprodusentane og straumleverandørane å tilby langsiktige avtalar frå årsskiftet med dei rammene regjeringa har lagt, seier administrerande direktør Knut Kroepelien i Energi Norge.

Han seier regjeringa har komme næringa i møte. Uansett vil uvissa i marknaden påverke prisane stort dei kommande åra.

Ingen Black Friday-prisar
– Vi kan neppe forvente «Black Friday»-prisar på straum i fastprisavtalane. Krigen i Ukraina og energikrisa i Europa har skapt stor uvisse i kraftmarknaden. Derfor må kvar enkelt bedrift nøye vurdere om dei vil binde seg til ein fastpris som i periodar må ventast å liggje over spotprisen. Avtalane skaper større føreseielegheit som er bra, men inneber også risiko, påpeikar Kroepelien.

Statkraft førebur no tilbod om fastpriskontraktar til straumleverandøren Fjordkraft. Planen er å levere straum gjennom slike kontraktar frå nyttår. Før det ber dei om at bransjen får kjennskap til det endelege rammeverket.

– Vi gjer no alt vi kan for å kunne tilby fastprisavtalar til næringslivet via ulike straumleverandørar. Vi forventar at det vil vere ei vesentleg interesse for dette i marknaden, seier konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft.

(©NPK)

Publisert: 10.11.2022 21:59

Sist oppdatert: 10.11.2022 22:12

Mer om