Vil gjere Hjoerundfjorden til internasjonalt topptur maal
JUHU!: For 18.500 kroner kan du få bli med på ein slik tur ei heil veke. Biletet er teke ved Kolåstinden.
Nytt

Vil gjere Hjørundfjorden til internasjonalt topptur-mål

Eit reiseselskap vil gjere vårskituren Hjørundfjorden-rundt til ein konkurrent til den mest berømte skituren i Alpane. Les kva du må betale.

07.10.2014
- Turen rundt Hjørundfjorden har eit klassikarpotensiale, til å bli ei toppturrute som alle i heile verda må gå, seier Trygve Kolderup i reisearrangøren Hvitserk.
Selskapet som har spesialisert seg på ekspedisjonsturar, krevande reisemål og eksotiske turar for små grupper, har vore på leit etter eit norsk motstykke til den berømte og populære fleirdags skituren mellom Camonix og Zermatt i Alpane.
No meiner firmaet å ha funne staden, og det er i fjella rundt Hjørundfjorden.

Sju tøffe dagar

Dette er ikkje turen for dei utrente, starten er i Hundeidvika, og etter sju dagar er turen slutt på Festøy. Då har du gått på ski rundt heile fjorden, med topptur kvar dag. Dag to må du også fram med stegjern og isøks for å ta deg opp frå Trandal til Råna, før turen går ned mot Urke.
Opplegget er at deltakarane sjølve tek seg fram til start, går med lette toppturski og ber med seg alt dei treng i sekken. Arrangørene ordnar mat og overnatting innandørs, og stiller med lokalkjent guide.
- Som i Alpane går du med alt i sekken, seier Kolderup, som sjølv testa ruta i vår.
Du slepp å gå i ein bøling, tanken er å ha med ei gruppe på seks turistar.

18.500 kroner

Kolderup er viss på at det salet skal gå greit, sjølv om prisen er 18.500 kroner pr. person.
Hvitserk har ein liknande tur over seks dagar i Nord-Noreg. Den kostar 14.000 kroner pr. person. Der hadde Hvitserk to grupper i fjor, og trur på ei auke til tre i år.
På vegen rundt Hjørundfjorden skal deltakarane overnatte på Trandal, Urke, i Norangsdalen, Bjørke, Sæbø og Standalseidet.

Aukande interesse

Stein Magne Hoff har i fleire år drive med turisme og guida fjellturar i fjella rundt Hjørundfjorden, mellom anna med tilbod der gjestane bur på seglbåt og går på toppturar heilt frå fjøresteinane.
Hoff seier det er klart fleire som kjem reisande til Sunnmøre for å gå på toppturar med ski om vinteren og våren enn for få år sidan, men meiner det er vanskeleg å få eit levebrød ut av å vere arrangør av guida fjellturer. Dei fleste som kjem for å i fjella reiser på lavbudsjett og ordnar mat, innkvartering og transport på eiga hand.
Sjølv har han snudd verksemda si over til først og fremst drive med fisketurar, og tek berre mindre grupper på fjelltur.
Prisen som Hvitserk vil ha for sjudagars-turen sine er det ingenting å seie på, slik Hoff ser det. Han er meir bekymra for at det er for billeg enn for dyrt, mellom anna fordi veret og uventa hendingar gjer at du må improvisere, og då blir det fort ekstra kostnadar arrangøren må dekke inn.
Turen rundt Hjørundfjorden har eit klassikarpotensiale, til å bli ei toppturrute som alle i heile verda må gå

Publisert: 07.10.2014 16:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38