Måndag blei det klart at Kongsberg Defence and Aerospace og Salt Ship Design får oppdraget med å designe dei nye standardiserte fartøya til det norske forsvaret.
Det skapte glede hos dei tilsette ved Kongsberg sitt sjømilitære kontor i Ålesund. Dei blir sentrale i designarbeidet saman med Salt Ship Design sitt nye kontor i Bergen.
– Det vil vere folk frå Kongsberg i Ålesund og Bergens-kontoret til Salt Ship som saman vil leie arbeidet med designdelen på dei standardiserte fartøya, fortel Ronny Langset til Nett No.
Han leiar Kongsberg-kontoret som nyleg flytta inn i nye lokalar i Postvegen i Breivika.

– Vi kjem til å tilsette fleire folk
Langset fortel at oppdraget vil føre til ei opptrapping av arbeidsstokken. Dei søker for augneblinken etter ein «senior naval architect» - og fleire stillingsannonsar kjem.
– Vi kjem til å tilsette fleire folk og styrke staben vår betydeleg, fortel han.
Det sjømilitære kontoret i Ålesund er ein del av forsvarsdelen av Kongsberg Gruppen, og ikkje ein del av Kongsberg Maritime som skal skiljast ut.
Er ti tilsette i dag
I dag teller kontoret ti tilsette. Langset påpeiker at dei jobbar på to felt som er strengt skilt frå kvarandre.
Medan nokre av dei tilsette jobbar med designoppdraget for dei standardiserte fartøya, er andre dedikert til å kapre oppdraget med å bygge sjølve skipa.
Langset påpeiker at Kongsberg-selskapet nyleg også vann kontrakten for design av nye kystvaktfartøy til Canada, som gir arbeid til dei tilsette på Ålesund-kontoret.
Har opna nytt Bergen-kontor
Torbjørn Bringedal er dagleg leiar i nystarta Salt Ship Design Bergen. I pressemeldinga som blei sendt ut i samband med nyheita påpeiker han at designselskapet, som har hovudkontor på Stord, dermed har styrka seg byen.
Partnarane skal designe to ulike fartøystyper, eit havgåande og eit for meir kystnære operasjonar.
Kontrakten omfattar eit komplett konseptdesign som skal danne det tekniske grunnlaget for konkurransen mellom verfta om sjølve bygginga av skipa.
Den startar seinare i 2026 og vil gå fram til våren 2027. Første fartøy skal leverast i 2030, opplyste Forsvarsmateriell måndag.
Publisert: 31.03.2026 05:00
Sist oppdatert: 30.03.2026 21:55






