Nytt
Vil gjere Nordfjord til digital reiselivsaktør
Visit Nordfjord lærer av Lofoten, startar 'Testlab Nordfjord' og vil digitalisere Nordfjord som reisemål.
31.10.2018
- Med auka turisme vil vi måtte tilretteleggje, samarbeide og jobbe kontinuerleg for å finne gode løysingar slik at stad, tilbod og god infrastruktur blir utnytta på ein berekraftig måte.
Det seier reiselivssjef Marita Lindvik i Visit Nordfjord i ei pressemelding.
Bakgrunnen er at Visit Nordfjord ønskjer å heve Nordfjord som destinasjon ved tilrettelegging for deltaking i det digitale reiselivslandskapet.
- Gjennom prøveprosjektet ønskjer vi å synleggjere fordelane for turisten, aktøren og lokalsamfunnet med å vere ein del av ein digital destinasjon, seier Lindvik.
Det vert vist til gjennom bruk av smarttelefon skal både turisten lett finn parkeringsplassar for fot- og skiturar, tilgjengelege toalett eller kvar ein skal kunne kaste søppel på ein forsvarleg måte.
Målet er også at ein skal kunne velje reisealternativ og tilbod i sanntid.
- Målet er å setje opp ein felles plattform for bestilling, betaling og informasjon om opplevings-, serverings- og overnattingstilbod.
På arrangementet deltok blant anna Google, Vipps, Aispot og Telenor for å orientere om korleis deira teknologi kan bidra til å løyse utfordringane som turismen dreg med seg.
- Teknologien finst, men den må utviklast saman med Nordfjord for at vi skal kunne nå vårt mål om å bli ein berekraftig destinasjon, seier Marita Lindvik.
Det seier reiselivssjef Marita Lindvik i Visit Nordfjord i ei pressemelding.
Bakgrunnen er at Visit Nordfjord ønskjer å heve Nordfjord som destinasjon ved tilrettelegging for deltaking i det digitale reiselivslandskapet.
Brukar smarttelefon
Bak prøveprosjektet 'Testlab Nordfjord' står reiselivsselskapet, fylkeskommunen, kommunar og næring.- Gjennom prøveprosjektet ønskjer vi å synleggjere fordelane for turisten, aktøren og lokalsamfunnet med å vere ein del av ein digital destinasjon, seier Lindvik.
Det vert vist til gjennom bruk av smarttelefon skal både turisten lett finn parkeringsplassar for fot- og skiturar, tilgjengelege toalett eller kvar ein skal kunne kaste søppel på ein forsvarleg måte.
Målet er også at ein skal kunne velje reisealternativ og tilbod i sanntid.
- Målet er å setje opp ein felles plattform for bestilling, betaling og informasjon om opplevings-, serverings- og overnattingstilbod.
- Teknologien finst
Ei gruppe frå Visit Nordfjord saman med representantar frå fylkeskommunen og konsulentselskapet Pricewaterhouse Coopers var i slutten av april i Lofoten for å lære av deira prosjekt 'Testlab Lofoten*.På arrangementet deltok blant anna Google, Vipps, Aispot og Telenor for å orientere om korleis deira teknologi kan bidra til å løyse utfordringane som turismen dreg med seg.
- Teknologien finst, men den må utviklast saman med Nordfjord for at vi skal kunne nå vårt mål om å bli ein berekraftig destinasjon, seier Marita Lindvik.
Publisert: 31.10.2018 13:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27