I dag blir anleggsvegen frå toppen og ned til gardane ved Oppheim, vest for Loen, bruk som akebakke og skiløype for dei som har tatt gondolen til topps. Draumen til Richard Grov er å kunne forlenge akebakken fram til nedre stasjon for gondolen ved å bygge ein ny veg gjennom terrenget.
Ei slik forlenging er ein del av investeringar på 30-40 millionar kroner Grov ser for seg over ein femårsperiode, for å gjere gondolbanen til eit stort reisemål også i vintersesongen.
Ein del av investeringsplanen er alt sett ut i livet. Til vinteren er investert rundt åtte millionar kroner i trakkemaskiner og anna utstyr for å preparere løyper og akebakkar på toppen av gondolanlegget, samt bygd lager og verkstad for utstyret oppe på fjellet.
Denne sesongen rettar satsinga seg først og fremst mot lokalmarknaden, men alt neste vinter ventar Grov at det også kjem utanlandske turistar for å bruke gondolanlegget.
Å bygge opp vinterturismen er og noko som vil kreve fleire år, etter Grov si vurdering.
Dessutan vil sjølve planlegginga og bygginga av nye anlegg, spesielt veg- og hytter ta tid. Mellom anna må grunneigarane der eventuell veg og hytter skal ligge vere samde om at anlegga kan byggast på deira grunn. Dessutan skal anlegga ligg slik til at dei er trygge for snøskred og jord- og steinras.
Ei slik forlenging er ein del av investeringar på 30-40 millionar kroner Grov ser for seg over ein femårsperiode, for å gjere gondolbanen til eit stort reisemål også i vintersesongen.
Fjellhytte
I tillegg til veg inkluderer investeringa og ei fjellhytte med overnattingskapasitet, mellom Hoven og Skålatårnet. Då blir råd å følgje fjellryggane mellom dei to fjella på ein todagarstur.Ein del av investeringsplanen er alt sett ut i livet. Til vinteren er investert rundt åtte millionar kroner i trakkemaskiner og anna utstyr for å preparere løyper og akebakkar på toppen av gondolanlegget, samt bygd lager og verkstad for utstyret oppe på fjellet.
Denne sesongen rettar satsinga seg først og fremst mot lokalmarknaden, men alt neste vinter ventar Grov at det også kjem utanlandske turistar for å bruke gondolanlegget.
Tek tid
Grov seier drifta denne vintersesongen mellom anna gjer at gondolselskapet får noko å vise fram til turoperatørane. Det er vanskeleg å selje eit tilbod berre ved hjelp av ei skisse.Å bygge opp vinterturismen er og noko som vil kreve fleire år, etter Grov si vurdering.
Dessutan vil sjølve planlegginga og bygginga av nye anlegg, spesielt veg- og hytter ta tid. Mellom anna må grunneigarane der eventuell veg og hytter skal ligge vere samde om at anlegga kan byggast på deira grunn. Dessutan skal anlegga ligg slik til at dei er trygge for snøskred og jord- og steinras.
Publisert: 13.02.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18






