- Det er svært viktig å vise til synergieffektar og at massa frå Stad skipstunnel vert brukt til samfunnsnyttige tiltak.
- Destinasjon Hakalle er eitt av fleire slike tiltak, seier utviklingsnavigatør Svein Gjelseth i Vanylven kommune.
Planane vart presenterte for Vanylven formannskap tysdag.
- Når Stad skipstunnel kjem, vil Hakallestranda liggje midt i leia for hurtigruta, seier Gjelseth.
Men han ser for seg store mulegheiter for anna trafikk sjøvegen til Destinasjon Hakalle.
- Dette kan også vere cruiseturistar, seier han.
Vanylven Utvikling har også plotta inn mulege stopp for hurtigbåten som ein håpar skal gå mellom Bergen og Ålesund etter at Stad skipstunnel er opna.
På strekninga Ålesund til Måløy har ein lagt inn berre eitt stopp, og det er i tilknytning til Eiksundsambandet.
- Det er viktig å ikkje ha for mange stopp, slik at reisetida frå Bergen til Ålesund vert kortast muleg.
- Stoppa bør vere strategisk plasserte, seier Gjelseth.
Slik Vanylven Utvikling tenkjer det, vil det ta ein time med hurtigbåt frå Ålesund til Måløy, og to timar frå Ålesund til Florø.
Planane går no ut på å bruke rundt 900.000 kubikkmeter tunnelmasse til eit stort næringsareal der djupvasskai inngår. Her skal det også kome småbåthamn, og i enkelte av planforslaga inngår også ei dokk på 200 x 30 meter.
Totalt er det utrekna at her vil det gå med 400.000 kubikkmeter masse.
Svein Gjelseth opplyser at botnforholda gjer det enkelt å byggje fylling, i tillegg til ei bru over det djupaste partiet.
- Tidsinnsparinga er på rundt tolv minutt, men fylkesvegen rundt Syltefjorden trengst uansett å utbetrast, slik at her kan ein i staden byggje ein ny veg som ein del kystvegen til Bergen.
- Destinasjon Hakalle er eitt av fleire slike tiltak, seier utviklingsnavigatør Svein Gjelseth i Vanylven kommune.
Planane vart presenterte for Vanylven formannskap tysdag.
Cruiseturisme
Gjelseth seier at det i stor grad er Hakallegarden med tilhøyrande anlegg og tilstrøyminga hit som har sett Hakallestranda på kartet for eit kaianlegg der større båtar kan leggje til, inkludert hurtigruta.- Når Stad skipstunnel kjem, vil Hakallestranda liggje midt i leia for hurtigruta, seier Gjelseth.
Men han ser for seg store mulegheiter for anna trafikk sjøvegen til Destinasjon Hakalle.
- Dette kan også vere cruiseturistar, seier han.
Mjølstaneset og Eiksund
Vanylven Utvikling foreslår at det skal vere to hurtigrutestopp mellom Måløy og Ålesund. Det andre stoppet er lagt til Mjølstaneset i Herøy.Vanylven Utvikling har også plotta inn mulege stopp for hurtigbåten som ein håpar skal gå mellom Bergen og Ålesund etter at Stad skipstunnel er opna.
På strekninga Ålesund til Måløy har ein lagt inn berre eitt stopp, og det er i tilknytning til Eiksundsambandet.
- Det er viktig å ikkje ha for mange stopp, slik at reisetida frå Bergen til Ålesund vert kortast muleg.
- Stoppa bør vere strategisk plasserte, seier Gjelseth.
Slik Vanylven Utvikling tenkjer det, vil det ta ein time med hurtigbåt frå Ålesund til Måløy, og to timar frå Ålesund til Florø.
Fiskåholmen
Men det er til to andre prosjekt som Vanylven Utvikling ser for seg å bruke størst mengder av tunnelmassa frå Stad-tunnelen til. Det eine gjeld ei storstilt utfylling ved Fiskåholmen på Fiskå, der Ulstein Verft i mange år hadde produksjon.Planane går no ut på å bruke rundt 900.000 kubikkmeter tunnelmasse til eit stort næringsareal der djupvasskai inngår. Her skal det også kome småbåthamn, og i enkelte av planforslaga inngår også ei dokk på 200 x 30 meter.
Syltefjordbrua
Det andre store prosjektet er Syltefjordbrua som kryssar Syltefjorden, og kortar inn vegen med seks kilometer mellom Åheim og Fiskå.Totalt er det utrekna at her vil det gå med 400.000 kubikkmeter masse.
Svein Gjelseth opplyser at botnforholda gjer det enkelt å byggje fylling, i tillegg til ei bru over det djupaste partiet.
- Tidsinnsparinga er på rundt tolv minutt, men fylkesvegen rundt Syltefjorden trengst uansett å utbetrast, slik at her kan ein i staden byggje ein ny veg som ein del kystvegen til Bergen.
Les meir her:
Når Stad skipstunnel kjem, vil Hakallestranda liggje midt i leia for hurtigruta
Publisert: 03.12.2015 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50