Vil ha kaiutbygging paa Mjoelstadneset
VIL BYGGE NÆRINGSPARK:  Frå venstre, Martin Nørvåg og Tor Frantsen frå Fosnot og Espen Ervik og Rita Sævik frå Ervik & Sævik. I dag la dei fram planane for ein næringspark på Mjølstadneset.
Nytt

Vil ha kaiutbygging på Mjølstadneset

Selskapa Ervik&Sævik og Fosnot vil byggje ein næringspark på Mjølstadneset i Herøy - om kommunen byggjer meir kai til området.

22.11.2019

Fiskebåtreiarlaget Ervik & Sævik kjøpte i vår tomta der Olympic-konsernet tidlegare ville bygge hovudkontor. No går fiskebåtreiarlaget saman med notbøteriet Fosnot og inviterere til etablerring av ein næringspark med fleire aktørar på området.

Rita Sævik frå Ervik & Sævik seier i eit pressemelding at fleire aktørar vil ha nytte av utbygginga. Ho fortel mellom anna om Astor Plast som har signalisert behov for meir kai. Dei har auka etterspurnad og treng utskipingskai, for å kunne realisere vidare vekst og skape fleire arbeidsplassar.

Reknar med ja

Vlkåret for utbygginga er at kommunen byggjer ut kaikapasiteten.

Kommunestyret i Herøy skal behandle budsjettet for neste år i desember, og i framlegget er investeringar i ny kai til på 20 millionar med, ifølgje Rita Sævik i Ervik & Sævik.

- Eg har tru på kommunen ut frå dei signala vi har fått, seier ho til NETT NO.

- Med å flytte til nye lokale på Mjølstadneset vil vi få betre plass, men ikkje minst hadde det gitt oss tilgang til skipstrafikken som går i leia rett forbi den nye næringsparken. Det vil opne for nye mulegheiter og nye kundar og vere avgjerande for utviklinga vår vidare, seier Martin Nørvåg i Fosnot i pressemeldinga.

To bygg

I første omgang er planen reise to bygg på området.

Tomta har plass til meir og Sævik seier målet med næringsparken er trekkje til seg fleire aktørar og romme ein kombinasjon av lokale for kontor, lager og industri.

Bygginga skal setjast i gang neste år, og det har meldt seg interessentar til over halvparten av lokala, i følgje pressemeldinga.

Publisert: 22.11.2019 11:56

Sist oppdatert: 07.03.2021 20:22