Vil ha norske utstyrsbedrifter til Tyrkia
NORSK: Verftsdirektør Mehmet Gazoglu ved Tersan-verftet i Tyrkia seier at han føler seg som ein leverandør av norsk maritimt utstyr. Lagerlokala er fulle av norsk utstyr, inkludert møblar frå Ekornes.
Nytt

Vil ha norske utstyrsbedrifter til Tyrkia

Lagerlokala til Tersan-verftet er fulle med norskprodusert utstyr. Innovasjon Norge tilrår at norske utstyrsprodusentar utnyttar sjansen og etablerer seg i Tyrkia.

28.11.2014
- Tyrkiske verft og norske utstyrsprodusentar er ein perfekt match, seier direktør Kristianne Storehaug ved Innovasjon Norge sitt Istanbul-kontor.
Ho meiner at norske utstyrsprodusentar bør utnytte den sjansen dei no har ved at mange av dei tyrkiske verfta i dag installerer så mykje norsk utstyr på skipa som vert bygde i Tyrkia. Av 71 tyrkiske verft, vert det no bygt skip for norske reiarar eller skip av norsk design ved ni av verfta.
- Dette er ei unik mulegheit til å få eit skikkeleg fotfeste i Tyrkia, seier Storehaug, opphaveleg frå Bergen.

Får att for å vere på plass

Ho meiner at den tyrkiske og norske forretningskulturen passar godt saman.
- Tyrkarane er kjende for å vere redelege og skikkelege folk. Dei ønskjer også å lære, og Norge har i dag eit svært godt rykte. Denne situasjonen bør norske bedrifter utnytte.
Nokre norske bedrifter er allereie på plass. Rolls-Royce er på plass med eige kontor. Det same med Skipsteknisk, medan bedrifter som Kongsberg og Stadt Automasjon har eigne representantar i Tyrkia.
- Denne satsinga får dei att for, seier Storehaug.

Stort potensiale

Marknadsrådgjevar Caglar Erdogan ved Innovasjon Norge er samd. Han har laga rapporten «Maritime Market Report 2014», og gjort omfattande undersøkingar rundt potensialet for norsk-tyrkisk samarbeid.
Erdogan meiner at potensialet er svært stort.
- Ein ting er at det no bur 81,6 millionar menneske i Tyrkia, slik at Tyrkia er ein stor marknad. Men Tyrkia som nasjon utviklar seg også fort, der det vil verte auka etterspørsel etter produkt som har høg kvalitet. På den maritime sektoren er dette svært ofte norskproduserte utstyr.

Viktig med nærheit

Han meiner at det er viktig at dei norske utstyrsprodusentane har eigne representantar i Tyrkia – av fleire grunnar.
- For det første er dette viktig for å vise at ein tek Tyrkia seriøst og ønskjer å vere her over lengre tid.
- For det andre er det viktig for at ein skal vite at det finst god service etter salet.
- Og for det tredje er det slik at tyrkiske arbeidarar likar å ha nokon å forhalde seg til både før, under og etter at utstyret er installert. Spesielt gjeld det for teknisk avansert utstyr.

Lite å frykte

Han meiner at dei norske utstyrsprodusentane ikkje bør frykte at tyrkiske bedrifter på denne måten tileignar seg norsk kunnskap og startar produksjon i eigen regi.
- For mykje av dette utstyret eksisterer det ikkje alternativ i Tyrkia, og vil truleg heller aldri gjere det. På andre område er tyrkiske utstyrsprodusentar mange år bak Norge når det gjeld kvalitet.
- Men det finst andre konkurrentar for norsk utstyr, spesielt i Asia, men tyrkiske verft vil alltid installere det utstyret som reiarane ønskjer at dei skal installere.

Ikkje kjend med maritim korrupsjon

Caglar meiner at norske bedrifter ikkje treng frykte korrupsjon eller snakk om pengar under bordet knytt til kontraktar med den maritime industrien.
- Nei, eg har ikkje høyrt om at noko slikt eksisterer i den maritime industrien. Derimot kan det tenkast at det skjer rundt store infrastrukturprosjekt som store veg- og energiprosjekt.
Han meiner også at den politiske risikoen er liten.
- Det er ein ustabil situasjon i fleire av nabolanda til Tyrkia. Dette utgjer ein risiko, men samstundes ei mulegheit. Land som Syria og Irak vil måtte verte ein ny stor marknad, ein marknad som i stor grad vil verte handtert frå Tyrkia.

Norsk over alt

Verftsdirektør Mehmet Gazoglu ved Tersan-verftet på den asiatiske Yalova-sida tek oss med rundt i dei store lagerlokala til verftet. Over alt lyser det namn på norske utstyrsprodusentar mot oss. Her er motorar, girar, propellar, kjøleanlegg og vinsjar – som om det skulle vore på eit norsk verft.
- Endåtil mykje av møblane kjem frå Norge, seier Caglar og pakkar opp ein stressless frå Ekornes.

Prestisjebåt for Volstad

Tersan-verftet byggjer ei rekke nøkkelferdige skip for norske reiarar. Det store prestisjeprosjeketet er eit avansert konstruksjonsskip til Ålesund-baserte Volstad Shipping. Heile kontrakten er på rundt 800 millionar kroner. Over 50 prosent av utstyret er norsk, og Rolls-Royce har opplyst at selskapet skal levere utstyr for 135 millionar kroner for berre dette skipet.
- Å få byggje dette skipet er ei enorm tillitserklæring frå Volstad til oss. Vi har tidlegare bygt ein trålar for selskapet. At dei no kom tilbake og bestilt eit slikt avansert skip, er stort både for oss og for den heile den tyrkiske verftsindustrien, seier Gazoglu.

Forventar fleire avanserte oppdrag

Det nye 125 meter lange Volstad-skipet skal mellom anna ha den Rolls-Royce-utvikla skipsbrua «Unified Bridge» og vert det første skipet som på kommersielt basis får installert Rolls-Royce sine permanent-magnet-thrustarar.
Skipet får 3D med trippel redudant propulsjonssystem, høg isklasse for operasjonar i arktiske strøk, ei 300 tonns kran og moonpol for ROV-ar (miniubåtar).
Det er stor interesse i det maritime miljøet til korleis Tersan klarer å løyse denne oppgåva, også mellom andre tyrkiske verftseigarar som jubla då konkurrenten Tersan fekk oppdraget.
Om dette går bra, forventar verfta å få fleire kontrakter på avanserte offshorefartøy.

80 % norsk på Leinebris

Tersan er også godt i gang med å byggje den kombinerte garn- og autolinebåten «Leinebris» til Herøy og Averøya. Også her er det mange nyvinningar.
- Om lag 80 prosent av utstyret er norsk, kanskje endå meir, seier reiar Paul Harald Leinebø.
Tersan-direktør Mehmet Gazoglu seier at han i stor grad føler seg som ein ambassadør for norsk utstyr. Han forstår ikkje dei i Norge som er kritiske til den norske skipsbygginga som foregår i Tyrkia.
- På mange av skipa er 60-70-80 prosent av utstyret norsk. Mest utstyr er det på skipa til dei norske reiarane, men vi har også stadig meir utstyr på skip til Island, Færøyane, Russland og andre land.

Norsk verdiskaping

Han meiner at det er snakk om ein vinn-vinn-situasjon for Norge.
- Sjølv om båtane er bygde i Tyrkia, er det i stor grad snakk om norsk verdiskaping, seier han.
Han har sjølv ikkje noko imot å promotere norsk utstyr.
- Sjølv om det av og til er det dyraste utstyret, er det svært ofte også det beste. På spesialskip og avanserte skip er det viktig at utstyret er best muleg, og då ser ein mot Norge.

Av same maritime familie

Han seier at han likar å arbeide saman med nordmenn, og legg ikkje skjul på at han har vorte ven med fleire av dei norske reiarane.
- Vi er maritime folk, ikkje nordmenn eller tyrkarar. Vi er ein del av den same maritime familien, og hjelper kvarandre til å trekkje lasset saman.
- Om vi er usikre på noko, set vi oss ned saman og diskuterer til vi har funne ei god løysing. Dette kan vi gjere med nordmenn, og det er slik det også skal vere.
Mest utstyr er det på skipa til dei norske reiarane, men vi har også stadig meir utstyr på skip til Island, Færøyane, Russland og andre land.

Publisert: 28.11.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39