Vil ha naeringslivet til aa bidra i nytt partnarskap
Eva Vinje Aurdal (Ap) og Vebjørn Krogsæter (Sp) vil ha med næringslivet som aktive partnerar i arbeidet med Nye Ålesund kommune frå årsskiftet.
Nytt

Vil ha næringslivet til å bidra i nytt partnarskap

Den politiske leiinga i Nye Ålesund vil spele på lag med næringslivet. – Men dei kan ikkje sitte i ro og tru at vi skal kome med dei gode ideane, påpeiker Vebjørn Krogsæter.

Marius Rosbach
14.09.2019

Etter ei overgangsperiode i haust, er Nye Ålesund kommune for alvor i gong frå årsskiftet. Dei fire neste åra blir kommunen styrt av ein politisk koalisjon mellom sju parti – Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet De Grøne, Venstre og Raudt.

Eva Vinje Aurdal (Ap) held fram som ordførar, medan Vebjørn Krogsæter (Sp) frå Haram blir varaordførar. NETT NO møtte dei to for å høyre kva næringslivet kan vente seg i desse åra.

– I intensjonsavtalen ligg det konkrete føringar om korleis vi skal organisere partnarskapet med næringslivet på ein god måte, seier Aurdal.

Den sokalla Harams-modellen skal vere ei rettesnor for arbeidet og felles forpliktingar står sentralt.

– Eg har lyst til at næringslivet skal ha forventingar til oss, men vi har også forventingar til næringslivet. Vi ønskjer at dei skal vere med å spele oss gode, så skal vi forsøke å spele dei gode. Men dei kan ikkje sitte i ro og tru at vi skal kome med dei gode ideane, også skal ting skje. Dei må bidra, seier Krogsæter.

– Vart ikkje løfta ein finger
Frp og Høgre er tradisjonelt sett på som næringsvennlege parti. At dei ikkje er med i koalisjonen bør ikkje bekymre bedriftene, meiner Aurdal.

nettnohalf

– Då vil eg minne om at denne byen har vore styrt av Høgre og Frp så lenge folk kan huske. Kva blei gjort då? Ingenting. For då skulle ein vere næringsnøytral og det vart ikkje løfta ein finger. Det var først då eg blei ordførar og vi starta samarbeidet i Region Ålesund (Nye Ålesund-kommunane, Sula og Giske, journ. anm.), at det blei gjort noko, seier Aurdal.

Ho erkjenner at næringsstrategi har vore ei mangelvare i Ålesund, men seier at det vil endre seg no.

– Vi går inn i eit meir tydeleg partnarskap med næringslivet for å skape gode lokalsamfunn. Når vi er sopass ambisiøse at vi går ut og seier at vi skal skape eit Ålesund som skal vekke nasjonal interesse, så gjer vi det på vegne av oss sjølv, men også næringslivet, påpeiker ho.

Møteplass på NMK
Ei næringsavdeling er allereie under oppretting og Inger Synnøve Remme er tilsett som næringssjef. Ho vil ha ei ha arbeidsplassen sin på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) som blir den nye møteplassen mellom næringslivet og kommunen.

– Eg trur ikkje kommunehuset er den beste staden å møtast. Det er betre å kome ut av huset og møte næringslivet der dei er, og helst der næringslivet samlast, seier Krogsæter.

Han legg til at det som oftast er betre å møte fleire bedrifter saman, for å unngå spekulasjonar.

På NMK kjem også smartby-laben der ein skal utvikle ein digital tvilling av Ålesund, som dei trur næringslivet vil dra mykje nytte av.

Les også: Skeptisk til næringsutviklings-arbeidet i nye Ålesund

– Helt utrolig at en stor kommune som Ålesund ikke har hatt en næringsavdeling

FNs berekraftsmål ei rettesnor
Ein politisk plattform for dei sju samarbeidspartia er ikkje klar enno, og dei reknar med at det vil ta enno eit par vekers tid. Men dei er samde om at FNs berekraftsmål skal vere ei rettesnor for det vidare politiske samarbeidet.

– Greier vi å gjere dette på rett måte, kan det styrke innkjøp i samarbeid med næringslivet og det kan løfte krava til miljøstandarder, som gir ein konkurransefordel til mange av bedriftene våre, særleg dei maritime, seier Krogsæter.

Aurdal og Krogsæter er klare på at sjølv om det er politiske skilnader mellom partia, så vil mykje av arbeidet den komande tida dreie seg om å bygge ei felles kommune.

Våpendragar frå Høgre
Med ein koalisjon utan dei to største regjeringspartia representert, kan ein stille spørsmål ved om kontakta inn mot regjeringsapparatet blir ein svakheit for den nye kommunen.

– Der har vi sikre oss ved at Dag Olav Tennfjord - som er leiar for det største partiet i opposisjonen - skal leie ein av komiteane, og vi har ei ordning som gjer at han kan bli frikjøpt omtrent på fulltid, seier Aurdal.

Detaljane kring kva verv det er snakk om, er ikkje klart enno, men tanken er at kommunen skal ha ein kanal inn til sentrale styresmakter – uavhengig av kven som er i regjering.

– Vi har trass alt flest felles mål, og då må vi jobbe mot dei saman. Slik vil vi alltid ha nokre venner i Oslo, seier Aurdal.

Høgre-politikaren Tennfjord stadfestar til NETT NO at det er ei rolle han ser fram til.

– Min største motivasjon i politikken er å utvikle ålesundsregionen. Då eg fekk moglegheita til å ta ei slik rolle der eg kan nytte min bakgrunn, kontaktar og ambisjonar, så har eg takka ja til det. Eg vil jobbe for å fremme næringslivet sine interesser i regionen og ulike bransjar opp mot eit nasjonalt nivå, seier Tennfjord.

– Eit sjansespel slik det er i dag
Tilgang på nye næringstomter er viktig for bedriftene. I gamle Ålesund kommune har det i mange år vore mangelvare, som på sett og vis er løyst ved at kommunen har «gifta seg» til nye næringsareal, som Aurdal seier.

nettnohalf

Ho og Krogsæter er samde om at nye areal helst bør ha tilknyting til sjøen, men at det er også viktig å tenke langsiktig.

– Spesielt når det gjeld samferdsel er det viktig at vi har planar som står seg, slik at næringslivet er sikre på at utviklinga blir slik det er bestemt politisk, seier Krogsæter.

Han meiner det no er skapt ein situasjon der det nærast er eit kaos av forventingar kring Hamnsundsambandet, kryssing av Romsdalsfjorden og Hafast.

– For ei bedrift som skal ha eit næringsareal for ei strategisk utvikling, så er dette eit sjansespel slik det er i dag. Slik kan vi ikkje drive på. Samstundes bør vi ikkje legge store planar for ei lang periode. Vi må ha dynamiske planar og heller revidere dei oftare, seier Krogsæter.

Les også: Byggjer ut på Terøya

Bikkar 1,5 milliardar i omsetnad på Digerneset

Barnehagar og skuler også viktig
Å fjerne eigedomsskatt på næring er eit ønskje frå NHO Møre og Romsdal, som Aurdal og Krogsæter gjerne ville innfridd. Men dei har også motførestillingar.

– Vi ser at det kan vere ein del av den attraktiviteten som vi ønskjer, og ser betydninga av eit slikt signal, seier Aurdal – men ho vil ikkje gå inn for det før alle skulebygga i kommunen er godkjend.

– Også for næringslivet er det viktig at vi er gode på å levere tenester som skule og barnehage. Det er med på skape attraktivitet, seier ho.

Krogsæter viser også til diskusjonen om vindkraft i heimkommunen: – Om det til dømes kjem vindmøller på Haramsøya, så vil ikkje dei betale ei krone til lokalsamfunnet om det ikkje er eigedomsskatt.

Han meiner dessutan at formueskatten er ei større utfordring for mange av dei norskeigde bedriftene som i hovudsak driv med eksport.

– Om vi kunne bli samde om noko her lokalt og spele det inn nasjonalt, så kan det vere noko ein kan jobbe med. Vi håpar at vi i den nye kommunen skal få ei slik kraft til å jobbe inn mot sentrale styresmakter, seier han.

Les også: Varslar gulrot og pisk for næringslivet

Ålesund på 17. plass i Kommune-NM


Når vi er sopass ambisiøse at vi går ut og seier at vi skal skape eit Ålesund som skal vekke nasjonal interesse, så gjer vi det på vegne av oss sjølv, men også næringslivet

Publisert: 14.09.2019 05:56

Sist oppdatert: 28.03.2023 16:43