Møreaksenkryssinga illustrasjon
SKAL GREIE UT: Trass i at regjeringa har vald den såkalla Møreaksen som trasé for ferjefri veg mellom Ålesund og Molde skal Statens Vegvesen gjennomføre eit utgreiing av tunellbygging på det andre alternativet, den såkalla Romsdalsaksen lenger inne i Romsdalsfjorden.
Nytt

Vil ha utgreiing om Romsdalsfjordtunnellar

Vegvesenet skal sjå på undersjøiske løysingar for Romsdalsaksen.

10.09.2021

NPK: Samferdselsdepartementet ber Statens vegvesen greie ut om undersjøiske løysingar langs den såkalla Romsdalsaksen, som er eit ferjefritt alternativ for E39 over Romsdalsfjorden.

Som ein del av ny E39 mellom Ålesund og Molde, skal Romsdalsfjorden inn til Molde kryssast. Gjennom Stortingets behandling av Nasjonal transportplan 2022–2033, blei traseen Vik–Julbøen valt. Betre kjent som Møreaksen.

Skal ikkje bremse
– Vi ønskjer å velje dei beste samferdselsprosjekta for Noreg. Då må vi sørgje for at vi har eit godt nok grunnlag for avgjerdene våre. Trasévalet for E39 Ålesund-Molde blei gjort av regjeringa i 2014. I 2019 blei det gjort ei tilleggsutgreiing av Romsdalsaksen. Vi ber derfor Statens vegvesen om å greie ut om undersjøiske løysingar langs Romsdalsaksen. Utgreiinga skal ikkje ha noko å seie for framdrifta i prosjektet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Vil bremse bygging
Tidlegare denne veka svarte Hareide på eit spørsmål i Stortinget om kva eit eventuelt nytt traseval over Romsdalsfjorden ville bety.

– Eit nytt traséval vil grovt vurdert kunne føre til ein utsett anleggsstart på mellom 5-10 år, minst, samanlikna prioriteringa i NTP 2022-2033. Det blir understreka at dette er eit usikkert anslag, det kan bli vesentleg meir, er konklusjonen til Hareid sitt svar som vart offentleg måndag.

Publisert: 10.09.2021 12:34

Sist oppdatert: 10.09.2021 12:34