Møreaksenkryssinga illustrasjon
MØREAKSEN: Kryssinga av Romsdalsfjorden med ny E39 har vore omstridd i ei årrekke. Frp har ikkje gitt opp kampen mot Møreaksen som løysing. Illustrasjon: Rambøll
Nytt

Trur omkamp vil ta minst 5-10 år

Samferdsleministeren om konsekvensen av omkamp om trasévalet på Møreaksen.

Marius Rosbach
06.09.2021

Samferdsleminister Knut Arild Hareid (KrF) har svart på eit spørsmål i Stortinget frå Jenny Klinge(Sp), om konsekvensane av eit nytt traséval på ny E39 mellom Ålesund og Molde.

Klinge ville vite kor lang tid statsråden anslår eit nytt traséval vil ta og kor mykje som er brukt til no på planlegging av strekninga.

E39 Ålesund-Molde er prioritert med 2,5 milliardar og oppstart i fyrste periode av Nasjonal transportplan 2022-2033.

– Utsetting på minst 5-10 år
Samferdsleministeren påpeiker at prosjektet er avhengig av årlege bevillingar, men at nytt konsept mellom anna må gjennom ein ny ekstern kvalitetssikring.

– Eit nytt traséval vil grovt vurdert kunne føre til ein utsett anleggsstart på mellom 5-10 år, minst, samanlikna prioriteringa i NTP 2022-2033. Det blir understreka at dette er eit usikkert anslag, det kan bli vesentleg meir, er konklusjonen til Hareid sitt svar som vart offentleg måndag.

Hareide opplyser i svaret at det til no er brukt om lag 340 millionar 2021-kroner til utgreiings- og planleggingsaktiviteten sidan 2013.

Vil ha ny vurdering
Som kjent vil ikkje Frp godta ei kryssing av Romsdalsfjorden med den vedtekne Møreaksen og vil ha trasévalet opp til ny vurdering.

Jenny Klinge (Sp) skriv i sitt spørsmål at ho er uroa over situasjonen.

Fleire, mellom dei fylkesutvalet i Møre og Romsdal, krevjar mellom anna ei klargjering om vurderinga av Romsdalsaksen.

Bakgrunnen var ein artikkel i avisa Tidens Krav der det går fram at Statens vegvesen i Molde avviste å greie ut Romsdalsaksen med undersjøisk tunnel.

Publisert: 06.09.2021 15:07

Sist oppdatert: 06.09.2021 15:11

Mer om