Terje Eriksen Sor Norges Fiskarlag foto Ogne
VIL HA SAMLING: Terje Eriksen er styreleiar i Sør-Norges Fiskarlag. Laget vil ha eit samla Norges Fiskarlag, og står midt i mellom i striden mellom dei to andre underorganisasjonane, Fiskebåt og Nord Fiskarlag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil halde Fiskarlaget samla

Sør-Norges Fiskarlag vil halde Norges Fiskarlag samla og har ingen plan B for kva som skal gjerast om Fiskebåt melder seg ut.

31.10.2024

Allereie i fjor gikk Sør-Norges Fiskarlag inn for lik representasjon i dei styrande organa i Norges Fiskarlag. I dag er dei tre underorganisasjonane, Sør-Norges Fiskarlag, Nord Fiskarlag og Fiskebåt ulikt representert, der Nord Fiskarlag har flest representantar.

Fiskebåt, som organiserer eigarene av den havgåande fiskeflåten, kreve mellom anna lik representasjon for å bli verande i Norges Fiskarlag, men Nord Fiskarlag seier nei.

- Situasjonen er blitt beskrevet som ein gordisk knute og akkurat no føler eg igjen at vi er «ein uskuldig part i midten» som skal tilpasse oss krav frå fleire hald, sa styreleder Terje Eriksen i sin årsmøtetale på Sør-Norges Fiskarlag i Ålesund i dag.

Sør-Noregs Fiskarlag organiserer fiskarar og -reiarar frå Møre og Romsdal og sørover.

Ikkje fornøgd
Styreleiar Christian Strand Halstensen var ikkje fornøgd etter årsmøtevedtaket i Nord Fiskarlag i oktober. Neste steg for Fiskebåt er å ta opp saka på eit styremøte i starten av november.

– Det skal behandlast i styret, så eg kan ikkje seie noko for tidleg. Men det eg kan seie, er at det Nord Fiskarlag kom med i dag er langt frå det vi meiner Fiskarlaget skal vere, sa Halstensen til Fiskeribladet.

Ingen alternati
Sør-Norges Fiskarlag sitt syn er at fiskarar og fiskebåtreiarar er best tent med å stå saman i paraplyorganisasjonen Norges Fiskarlag.

Det er synet Sør-Norges Fiskarlag står på og organisasjonen har ingen plan B for kva som skal skje dersom Fiskebåt vel å melde seg ut, seier Eriksen til Nett No.

Kva som skjer om Fiskebåt melder seg ut må først vurderast etter at ei utmelding eventuelt er eit faktum, etter Eriksen si vurdering.

Publisert: 31.10.2024 10:22

Sist oppdatert: 31.10.2024 10:22

Mer om