Vil halde flaaten samla
Nytt

Vil halde flåten samla

Havila Shipping forhandlar med långivarane om 12 skip.

28.02.2020
Havila Shipping har forhandla om ei ny refinansiering av selskapet sidan våren 2019. Dei forhandlingane er ikkje komne i mål, men selskapet har framleis eit mål om å behandle kontrollen over mest mogleg av flåten, i følgje kvartalsrapporten pr. 4. kvartal 2019.

"Fra 1. mars 2019 er 12 fartøy definert som «Non-Performing» i henhold til gjeldende restruktureringsavtale. Det gir långiverne bestemte rettigheter knyttet til disse fartøyene. Selskapet forhandler nå med långiverne med mål om å komme fram til en avtale som sikrer at selskapets flåte holdes samlet i størst mulig grad", heiter det i rapporten.
- Vi nærmar oss både i tid og innhald, seier finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Shipping om framdrifta i forhandlingane.

Sto ikkje på testen

Etter ein innteningstest på flåten på 23 skip i 2018/2019 innfridde 12 av skipa ikkje krava om å ha eit resultat før skatt og avskrivingar på minst to prosent av gjelda.
Etter den gjeldande restruktureringsavtalen gjorde det at långivarane kunne overta skipa, skipa kan verte selde der långivarane får aksjar for manglande dekning av gjelda, eller at det vert reforhandla andre løysingar.
Det er det siste alternativet Havila Shipping har arbeidd med sidan i fjor vår.


Mindre minus

Dei førebelse reknskapstala for 2019 og 4. kvartal 2019 viser at Havila Shipping framleis går i minus, men har auka driftsinntektene og reduserte underskotet samanlikna med 2018 (sjå tabell).
Havila Shipping har leigd inn meklarhuset Arctic Securities og advokatselskapet Wikborg Rein til å hjelpe seg i forhandlingane med kreditorane.

Publisert: 28.02.2020 14:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53