Salmon Evolution laks i tank foto Salmon Evolution
PÅ LAND: Salmon Evolution har både gründerar og fleire investorar på Nordvestlandet på eigarsida. No hentar selskapet ny kapital, med 56 øre i rabatt i høve til sluttkursen tysdag. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Vil hente 400 millionar kroner

Salmon Evolution satsar på å hente pengar i løpet av få timar.

28.04.2026

Kapitalutvidinga i oppdrettsselskapet skal gjerast til 4,50 kroner aksjen. og dei satsar på å vere i mål innan klokka 8 onsdag. Då børsen stengte tysdag ettermiddag var kursen 5,06 kroner aksjen, som verdset Salmon Evolution til 2,3 milliardar kroner. 

Bortsett frå ein kort periode i månadskiftet februar/mars har Salmon Evolution aldri vore lågare verdsett enn 4,50 kroner aksjen. Botnrekorden er 4,25 kroner aksjen.

Pengane frå kapitalutvidinga skal brukast til å betale kortsiktig bankgjeld og legge seg opp ein større buffer for å fullføre andre byggesteg på det landbaserte oppdrettsanlegget i Indre Harøy på Romsdalskysten. 

Lukkast selskapet med å hente pengar vil det også få refinansiert bankgjeld og utvida låneramma si med 250 millionar kroner.

Les børsmelding her

Utvald gruppe
Kapitalutvidinga skal gjerast gjennom ein såkalla retta emisjon, der berre ei utvald gruppe investorar får sjansen til å vere med. Arctic Securities AS, DNB Carnegie og Nordea Bank er leigd inn for å hjelpe til med å gjennomføre kapitalinnhentinga.

Meir enn halve kapitalutvidinga er allereie på plass ved at eksisterande og nye aksjonærar har forplikta seg til å delta.

Eksisterande aksjonærar, inkludert Halsebakk-familien sitt investeringsselskap Ronja Capital Investment AS og Farvatn Private Equity AS, har forplikta seg for over 100 millionar kroner. 

Dei to er høvesvis nest størst og tredje største eigar med sju og 4,6 prosent eigarandel.

Kontrazi AS, som ny aksjonær i selskapet, har forplikta seg for 100 millionar. Kontrazi er eigd av haugesundaren Frode Teigen og familien, som og eig halvparten av Fjord Line. 

Publisert: 28.04.2026 20:27

Sist oppdatert: 28.04.2026 23:06

Mer om