Vil ikkje drive hurtigrutemottak i Heroey
STRID: Refa Group vil selje Herøyterminalen og anlegget der, og har bedt Hurtigruten om å finne andre alternativ for sine anløp i Herøy.
Nytt

Vil ikkje drive hurtigrutemottak i Herøy

Refa Group meiner selskapet ikkje pliktar å drive hurtigruteekspedisjon i Herøy etter at drifta av Herøyterminalen er lagt ned.

24.02.2014
Refa Group på Finnsnes i Troms vil avvikle Herøyterminalen og selge anlegget, og har sagt opp dei tre tilsette.
No stridest selskapet med Herøy kommune om konsekvensen av ein avtale frå 2003.
Kommunen meiner avtalen forpliktar Refa Group til å drive hurtigruteekspedisjon på anlegget til Herøyterminalen. Refa Group er usamd.

Kommunalt sal

I 2003 selde Herøy kommunen eigedomen der Herøyterminalen ligg til selskapet Frøystad Fiskevegn. Med i kjøpet var og sjølve terminalselskapet, og prisen var til saman seks millionar kroner.
Etterpå er Frøystad Fiskevegn slått saman med Refa Group. I 2011 skilde partane i dei to selskapa lag igjen, og då vart selskapet Herøyterminalen og anlegget der liggande i Refa Group.
I avtalen mellom Frøystad Fiskevegn og Herøy kommune står det at kjøparen "driv godsterminalen og dagleg drift/service knytt til hurtigruteanløpet ved Herøyterminalen."

Inga plikt

Herøy kommune meiner Refa Group er forplikta av denne avtalen. Refa Group meiner selskapet har oppfylt vilkåra i avtalen, og ikkje kan vere forplikta til å handterer hurtigruteanløp i Herøy til evig tid.
"Refa Group, (via datterselskapet Herøyterminalen AS) overtok denne drifta i 2011 og har drifta dette siden den gang - hele tiden med underskudd. Avtalen med kommunen kan ikke tolkes dithen at den påfører Refa Group AS en evigvarende plikt til å videreføre en ulønnsom virksomhet" skriv selskapet i eit brev til kommunen 7. februar.

Samfunnsansvar

Herøy-rådmann Erlend Krumsvik seier det er kommunen uvedkomande korleis Refa Group disponerer sine interne selskap, og han er heilt klar på at selskapet har ansvaret for å syte for at Hurtigruten legg til kai to gongar i døgnet.
- Refa Group har tatt over eit samfunnsansvar, det må dei leve opp til, seier Krumsvik.
Refa Group har tatt over eit samfunnsansvar, det må dei leve opp til

Publisert: 24.02.2014 18:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31