Torsdag sparkar NHO i gang si valkampturne i Møre og Romsdal i samarbeid med fleire næringsforeiningar og bransjeorganisasjonar.
I løpet av dagen var pressa mellom anna invitert til å bli med då politikartoppane frå fylket besøker Ulstein Verft og Green Yard Kleven.
Onsdag kom kontrabeskjeden om at pressa likevel ikkje var velkomne til verfta, etter ønske frå leiinga hos bedriftene.
Nett No spurte konsernsjef Gunvor Ulstein og Hans Jørgen Fedog i høvesvis Ulstein og Green Yard om årsaka til dette i ein e-post.
– Skal ha høve til å tale heilt fritt
Svaret kom frå Jan Thormodsæter som leiar Mafoss (Maritim Foreining for Søre Sunnmøre), som er ein av arrangørane. Han fortel at det blir lagt opp til lukka møter mellom bedriftseigarane og politikarane.
– Dette for at deltakarane skal ha høve til å tale heilt fritt og diskutere saker som til dømes kan vere bedriftsinterne og/eller ikkje er heilt klare som sak i media pr i dag, skriv Thormodsæter i ein e-post til.
Han påpeiker at det er mogleg å få korte kommentarar frå politikarane etter møtet ved Ulstein, men at det er eit stramt tidsskjema.
KrF-Valderhaug: – Litt dumt
Toppkandidat for KrF, Harry Valderhaug, er overraska over endringa.
– Det er litt dumt at media ikkje får vere med, til eksempel på delar av opplegget der politikarane møter bedriftene. Det er ein stor skilnad, seier Valderhaug til Nett No.
Han forstår at det kan vere grunnar til at bedriftene vil møte politikarane åleine, men meiner det bør leggast til rette for opne møter.
Hans Olav Myklebust som er fylkesleiar i Møre og Romdal Frp seier han i prinsippet er for openheit i slike samanhengar.
– Eg kjenner ikkje bakgrunnen, så det er vanskeleg å kommentere. Men det er klart at det har offentleg interesse kva rammevilkåra næringsliv har, og korleis dei ser på det, seier han.
Meiner slike møte bør vere opne
Fylkesordførar Anders Riise (H) seier óg at han i utgangspunktet meiner slike møter mellom politikarane og bedriftsleiarar bør vere opne.
– Om det er ting dei vil snakke med oss om direkte, så kunne dei kanskje invitert oss direkte i ein anna samanheng, seier han.
NHO-direktør Lene Trude Solheim vil ikkje seie kva ho meiner om avgjerda om å lukke pressa ute – utan å ha snakka med bedriftene direkte.
– Men eg trur det er eit uttrykk for at situasjonen er alvorleg når det kjem til rammevilkåra til bedriftene, seier ho til Nett No.
Publisert: 28.08.2025 13:02
Sist oppdatert: 28.08.2025 13:08






