Bjørnar Selnes Skjæran foto Ogne
STÅR PÅ SITT: Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) avviser Venstre sitt framlegg om å utsette innføring av høgare skatt på oppdrettsnæringa. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil ikkje utsette lakseskatten

Det er ikkje opplegget vårt å utsetje innføringa av lakseskatten, seier fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap).

15.11.2022

NPK-NTB: Venstre foreslår å utsetje innføringa av skatten til 2024. Det kjem fram i det alternative statsbudsjettet til partiet, men det vil ikkje Arbeidarpartiet vere med på.

– Vi har lagt opp til at ingen i havbruksnæringa skal betale grunnrenteskatt før i 2024, sa Ap-nestleiaren på NRKs Politisk kvarter tysdag morgon.

Han seier at utgangspunktet til regjeringa er at skatten skal komme gjennom 2023 og betalast frå 2024. Han vil ikkje vere med på ei utsetjing.

– Det er ikkje opplegget vårt å utsetje dette, men dette er ein diskusjon Stortinget skal ta på ordinært vis når vi kjem dit.

Regjeringa foreslår at grunnrenteskatten skal gjelde for produksjon av laks, aure og regnbogeaure. Eit botnfrådrag på 4.000-5.000 tonn skal sikre at berre dei største aktørane må betale skatten.

Lakseskatten er venta å gi mellom 3,6 og 3,8 milliardar kroner årleg i skatteinntekter, som blir likt fordelte mellom stat og kommunar. Forslaget er sendt på høyring med frist 4. januar.

Publisert: 15.11.2022 10:23

Sist oppdatert: 15.11.2022 10:26

Mer om