Lene Trude Solheim leverandorkonferansen foto Marius
VIL HA FORLIK: NHO-direktør Lene Trude Solheim i NHO trur «dei fleste» ser behovet for eit breitt skatteforlik etter valkampen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Vil jobbe knallhardt for skatteforlik

Reaksjonen til NHO-sjefen i Møre og Romsdal på raudgrøn siger.

Marius Rosbach
08.09.2025

NHO-direktør Lene Trude Solheim i Møre og Romsdal hadde teke turen til valvaka på Pir i Ålesund sentrum måndag kveld. 

Nett No snakka med Solheim på veg heim om det som såg ut til å bli ein raudgrøn siger i valet. 

Oppdatert: Nokre minutt før klokka 23 melder både NRK og VG at det raudgrøne forspranget er for stort til at dei borgarlege vil ta det inn att. Det betyr at Jonas Gahr Støre held fram i statsministerstolen i fire nye år. 

– Vi vil jobbe knallhardt for eit breitt skatteforlik, seier Solheim til Nett No.

Meiner skatt har vore mest polariserande
Ho vil ikkje driste seg til å spå moglegheita for at Ap vil jenke seg i spørsmålet om eigarskattane – men trur valkampen har vist at det er behov for å sjå grundig på skattesystemet. 

– Fokuset som desse spørsmåla har hatt gjer at eg trur dei fleste forstår at ein må ha eit breiare forlik for å gi næringslivet stabilitet og moglegheit til å skape vekst og arbeidsplassar framover, seier ho. 

Samtidig er Solheim si vurdering at skattedebatten har vore den mest polariserande. 

– Begge sider har sett seg tent med å snakke mest til sine veljarar, seier ho. 

Sjå siste oppdatering om valresultatet

Meiner borgarlege burde samla seg om éin kandidat
NHO-sjefen i Møre og Romsdal trur den geopolitiske situasjonen vart avgjerande for at MDG kom seg godt over sperregrensa – samtidig som Venstre ligg an til å kome under. 

– MDG har vore tydelege på sine standpunkt både når det gjeld Ukraina og Gaza, seier ho. 

Når det gjeld den borgarlege sida meiner Solheim at dei hadde vore tent med å samle seg om ein statsministerkandidat tidleg i prosessen. 

Vil ha satsing på forsking og innovasjon
I ei ny regjeringsperiode med Støre ved roret ønsker NHO seg ei satsing på innovasjon og forsking, påpeiker Solheim.

– Fleire rapportar, blant anna Dragi (Veien til vekst) frå NHO, viser at Norge ligg bakpå samanlikna med andre land. Samtidig veit at mange av dei nye arbeidsplassane framover vil kome innan nye næringar. Vi må bruke teknologien smart – og vi må bruke midlane vi har, på èin betre måte, legg ho til.

Publisert: 08.09.2025 22:42

Sist oppdatert: 08.09.2025 23:43

Mer om