Saka blir oppdatert - nyaste oppdateringar først
Sjå siste oppdaterte resultat på Valdirektoratet si oversikt (ekstern lenke)
Klokka 23:07: – Oss er veldig fornøgd, først og fremst for det som har skjedd på landsbasis seier Krf sin førstekandidat i Møre og Romsdal, Harry Valderhaug. Akkurat no ligg han an til å bli innvald på Stortinget gjennom eit utjamningsmandat og partiet til å få inn sju representantar i det nye Stortinget. Det er fire fleire enn i dag.
Partiet har fått ein strategi som velgarane har gitt eit positiv tilbakemelding på, og Valderhaug seier han set pris på fleire positive tilbakemeldingar frå næringslivsaktørar i fylket om sitt kandidatur.
Skuffelsen er at det ikkje blir noko regjeringsskifte, men Valderhaug utelukkar ikkje at det kan bli ei endring i Sp sine vurderinga over kven partiet skal støtte, når Ap no ligg an til å bli avhengig av både SV, Raudt og MDG for å få fleirtal - i tillegg til Sp.
Klokka 22.42: – Vi vil jobbe knallhardt for eit breitt skatteforlik, seier NHO-direktør Lene Trude Solheim til Nett No. Les reaksjonen på raudgrøn siger.
Klokka 22:36: – Neste gang er målet å gå forbi Frp og blir det største partiet, seier Ap sin førstekandidat, Per Vidar Kjølmoen om valresultatet i Møre og Romsdal. Så langt i oppteljinga har Ap ein framgang på 3,5 prosentpoeng, til 23,7 prosent av stemmene i Møre og Romsdal.
– Det var det ikkje så mange som hadde sett for seg då valkampen starta, seier han. No er han både letta og stolt over partiet sin innsats i valkampen.
Kjølmoen peikar på at Ap tradisjonelt blir sett på som eit styringsparti, og med utanrikspolitikisk kompetanse. Begge deler har gitt uttelling, etter Kjølmoen si vurdering. I tillegg trur han Høgre tapte på formuesskattedebatten, som blei eit for smalt tema, medan Frp tente på den saka.
Klokka 22:14: - Eg er mørkredd for det som skal skje når Ap skal samarbeide med SV, Raudt og MDG i skattepolitikken, seier Monica Molvær, Høgre sin førstekandidat i Møre og Romsdal. Molvær har ikkje gitt opp håpet, men seier håpet om eit regjeringsskifte svinn.
I tillegg til Frp sin sterke framgang får også Ap større andel stemmer i fylket enn for fire år sidan.
"Uforståeleg" og ikkje i samsvar med det ho høyrer ute i valkampen, seier Molvær om Ap sin framgang.
Om forklaringa på Høgre sin tilbakegang, seier ho at det skal partiet vurdere når resultatet er endeleg avklart.
Klokka 22:02: - Eit brakval, seier Joakim Myklebost Tangen om resultatet til Frp på landsbasis. Han er Frp sin tredjekandidat til Stortinget og ser slik det ligg an no ut til å få fast plass i nasjonalforsamlinga dei komande fire åra. I dag har Frp to representantar frå Møre og Romsdal.
– Vi har treft dei unge veldig godt og spesielt unge menn, seier Myklebost Tangen om kva som er forklaringa på valsuksessen.
Klokka 21.45. Frp gjer et brakval i Møre og Romsdal mellom førehandsstemmene. Mørebenken vil ifølgje dei første resultata bestå av Sylvi Listhaug, Frank Sve og Joakim Myklebost Tangen frå Gjemnes frå Frp.
Ap ligg an til å få to mandat, Per Vidar Kjølmoen og Åse Kristin Ask Bakke. I tillegg ligg Harry Valderhaug (KrF), Geir Inge Lien (Sp) og Monica Molvær (H) an til å sikre seg plass på Stortinget.
Klokka 21:25: Ein av tre stemmer Frp i Møre og Romsdal. Partiet går fram 11,1 prosentpoeng samanlikna med førre Stortingsval viser opptellinga så langt.
Klokka 21:17: Sveinung Rotevatn (V) er ute. Venstre sin 1. nestleiar er toppkandidat i Hordaland, men slik valresutatet er per no blir han ikke attvald til Stortinget. Ap beheld sine fire mandat i Hordaland, Frp har to og får fire, Høgre går ned frå fire til tre.
Sp, SV, MDG, Raudt og Krf får eitt mandat kvar.

Klokka 21.06: Dei opptelte førehandsrøystene viste eit raudgrønt fleirtal i Stortinget med 87 mandat til saman for Ap, Sp, SV, Raudt og MDG.
Det gir eit fleirtal for at statsminister Jonas Gahr Støre kan halde fram etter valet.
Borgarleg side får 82 mandat frå disse stemmene.
I Møre og Romsdal viser dei førebelse resultata at Framstegspartiet inne med tre mandat og Arbeidarpartiet med to, medan Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkepart får kvar sin representant (inkludert utjamningsmandat).
I Sogn og Fjordane valkrets i Vestland får Ap, Frp, Sp og MDG kvar sine mandat. Det betyr at Alfred Bjørlo frå Venstre er ute av Stortinget om desse resultata står seg.
Publisert: 08.09.2025 21:06
Sist oppdatert: 09.09.2025 07:15






