Dåp Fjord1 magerholm fv Ottar Brage Guttelvi Vegard Sævik Per Sævik Ragnhild Berge kapein Dagfinn Neteland foto Ogne
TILBYR Å KJØPE: Om Fjord1-eigarane får det som dei vil får Fjord1-konsernet krympa gjelda med inntil 350 millionar kroner. Biletet er frå ferjedåp på Magerholm i 2019. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil kjøpe tilbake obligasjonslån

Fjord1 vil kjøpe tilbake obligasjonslån på inntil 350 millionar kroner.

09.12.2021

Morselskapet i Fjord1-konsernet - Fjord1 Holdco - vil kjøpe tilbake inntil 350 millionar kroner av eit obligasjonslån.

Det melder Fjord1 i ei børsmelding

Obligasjonslångivarane får frist til klokka 13.00 tysdag 14. desember på å svare på om dei vil selje og Fjord1 Holdco har frist til klokka 09:00 15 desember på å avgjere om selskapet vil kjøpe.

Obligasjonslånet forfell til betaling i november 2022. Det er børsnotert og obligasjonar i lånet vart sist handla til kurs 99,10, som er ein liten rabatt i høve til kursen lånet vart utstedt i.

Den eventuelle transaksjonen blir organisert slik at obligasjonslångivarane gir ein kurs dei vil ha for å selje og også varslar kor mange obligasjonar dei vil selje. Dei som byr den kursen Fjord1 Holdco eventuelt aksepterer, eller lågare, får seld obligasjonane sine.

Publisert: 09.12.2021 10:32

Sist oppdatert: 09.12.2021 11:06

Mer om