Vil paa boers men slit med gjelda
FOSNAVÅG: Stig Remøy og Olympic Subsea slit med gjelda, men forventar å ha på plass ein ny refinansieringsavtale til 1. september.
Nytt

Vil på børs - men slit med gjelda

Det langsiktige målet for Olympic Subsea er børsnotering, men først må dei økonomiske utfordringane løysast.

29.05.2020
Det Herøy-baserte konsernet er i brot med lånevilkåra, og ein bank har trekt seg frå samarbeidet. I juli 2022 skal også to obligasjonslån på totalt over 300 millionar kroner betalast.
I 2019 hadde konsernet eit resultat før skatt på minus 279 millionar kroner etter store av- og nedskrivingar.
Den bokførte eigenkapitalen var ved årsskiftet nede i 63 millionar kroner, og den renteberande gjelda på 2,7 milliardar kroner.
Dette går fram av årsrapporten frå konsernet.

Avtale 1. september

Der går det også fram at ein er i konstruktive dialogar med kreditorane, og forventar å ha fått på plass ein ny restruktureringsavtale til 1. september.
I mellomtida betalar ikkje Olympic renter og avdrag.
Olympic Subsea vart starta i 2017, då med fokus på elleve skip som vart overtatt frå Olympic Ship.
Konsernet har satsa stort på subsea- og fornybarsegmentet, men driftar også fleire PSV-ar og ankerhandlarar. På desse har ein derimot ikkje ansvar for dei økonomiske forpliktingane.

Blue Energy

I årsrapporten blir det slått fast ein selskapet skal knytast til omgrepet Blue Energy, at kunden skal kjenne selskapet med den mest fleksible og moderne flåten, at ein skal ha den mest erfarne leiinga og det mest kompetente og pålitelege mannskapet.
I tillegg vert det fokusert på at selskapet skal vere eit attraktivt investeringsobjekt, og at ein skal noterast på børs.

Trur på veksande marknad

Trass store økonomiske utfordringar, lav oljepris, covid-19 og utsette oppdrag innan fornybar energi og installasjon av nye vindmølleprosjekt, ser selskapet auka aktivitet innan subsea, noko fleire nye langtidskontraktar underbygger.
På lengre sikt vil også marknaden for fornybar energi fortsette å vekse, vert det fastslått.
I Olympic Subsea-konsernet var det ved årsskiftet 303 sjøfolk og 40 tilsette på landsida.
Stig Remøy eig 69,3 prosent av Olympic Subsea, medan I P Huse-eigarane eig 12,5 prosent, Bjørn Kvalsund 11,2 prosent, Marin Teknikk-eigarane 6,2 prosent og Halvard Remøy 0,6 prosent.

Publisert: 29.05.2020 16:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57